Erteblomordenen eller erteblomsterordenen (Fabales) er ein orden av blomsterplantar som består av fire familiar av tre, buskar og urter. Blomane er samla i klasar, aks eller hovud.

Kjappe fakta
Erteblomordenen
Thumb
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Erteblomordenen Fabales
Bromhead, 1838
Lukk

Artane er rike på garvestoff, gallussyre, leucanthocyan og andre flavonoidar. Dei inneheld også ellaginsyre. Kimen er grøn allereie inne i frøet. Plantane har også det til felles at dei har symbiose med nitrogenfikserande bakteriar.

Erteblomfamilien (Fabaceae) er med sine 730 slekter og drøye 19 400 kjende artar den tredje største plantefamilien som finst, berre overgått av orkidefamilien (Orchidaceae) med 22–25 000 artar og kogvplantefamilien (Asteraceae) med kring 1 600 slekter og om lag 22 000 artar.

Kjende familiar

  • Erteblomfamilien (Fabaceae) eller belgfruktplantar (Leguminosae)[1]) – 730 slekter med minst 19 400 artar
  • Blåfjørfamilien (Polygalaceae) – 17 slekter med om lag 1 000 artar av urter, buskar og tre
  • Quillajaceae – ein familie med ei slekt og to artar med tre
  • Surianaceae – ein familie med fem slekter og elleve artar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.