From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit fødselsnummer er eit ellevesifra registreringsnummer som alle norske innbyggarar får tildelt av staten. Nummeret skil enkeltpersonar frå kvarandre. Fødselsnummer vart innført i 1964 og vert administrert av Skatteetaten. Alle som er busette i Noreg og innførte i folkeregisteret, har enten eit fødselsnummer eller eit D-nummer.
Ifølgje personopplysningslova kan ein berre bruke fødselsnummer når det er sakleg behov og når ein ikkje kan oppnå tilfredsstillande personidentifikasjon ved bruk av andre metodar, som til dømes namn, adresse, fødselsdato, medlems- eller kundenummer.
Eit fødselsnummer består av 11 siffer fordelt på to hovuddelar: fødselsdato (seks siffer) og personnummer (fem siffer).
For individsiffer kan altså nummerserien 900–999 bli bruka både for personar fødde i perioden 1940–1999 og for personar fødde i perioden 2000–2039. Personar som er fødde i 2000 eller seinare kan på si side verte tildelt ledige nummer i serien 500–749 sidan det neppe vil bli nokon auke av personar fødde i perioden 1855–1899. I den nye inndelinga ligg òg at fødselsnummersystemet må leggjast om seinast år 2039.
Kontrollsiffera er ein sjekksum rekna ut frå di ni første sifra. Siffera vert multipliserte med kvart sitt tal, og resultata verd summerte og delte 11. Kontrollsifferet er da 11 minus resten av den siste divisjonen, med eitt unntak: dersom resten er 0 og ein endar opp med 11 − 0 er kontrollsifferet 0, og ikkje 11. Om dei 9 første siffera av eit personnummer er d1 d2 m1 m2 å1 å2 i1 i2 i3, er første kontrollsiffer:
der mod er modulusfunksjonen. Tilsvarande er det andre kontrollsifferet:
I prinsippet kan formlane for kontrollsiffera gje 10 som resultat for k1 og k2. Sidan kontrollsiffera er definerte som berre eitt siffer, vart slike personnummer forkasta.
Eit D-nummer er ellevesifra, som ordinære fødselsnummer, og bygd opp av ein modifisert sekssifra fødselsdato og eit femsifra personnummer. Fødselsdatoen er modifisert ved at talet 4 er lagt til første sifferet: ein person fødd 1. januar 1980 får dermed fødselsdato 410180, medan ein som er fødd 31. januar 1980 får 710180.
Når ein innvandrar skal få tildelt fødselsnummer, får han ofte først eit mellombels D-nummer. D-en kjem av at systemet opphavleg var knytt til utanlandske og utanlandsbuande sjøfolk på norske skip: Direktoratet for sjømenn. For utlendingar som har lovleg opphald i Noreg, vert dette bruka i samband med skatt og offentlege tenester.
Det femsifra personnummeret vert ikkje gjeve i seriar, men tildelt fortløpande. Barn som er fødde i Noreg, vert tildelt regulært fødselsnummer så raskt som råd. Utlendingar vert normalt tildelt slikt nummer etter seks månader dersom dei søkjer om det.
Eit H-nummer er ellevesifra, som ordinære fødselsnummer, og bygd opp av ein modifisert sekssifra fødselsdato og eit femsifra personnummer. Fødselsdatoen er modifisert ved at det tredje sifferet er tillagt 4: ein person fødd 1. januar 1980 får dermed fødselsdato 014180, medan ein som er fødd 31. januar 1980 får 314180.
Eit H-nummer er eit hjelpenummer, brukt på ein person ein ikkje kjenner fødselsnummer eller D-nummer for. Slike nummer vert m.a. bruka innan helsevesenet i elektroniske pasientjournalar.
Mange andre land har også tilsvarande nummer. Sverige har Personnummer, Danmark har CPR-nummer, Finland har Personbeteckning, Storbritannia har National Insurance number, USA har Social Security number, Island har Kennitala, Italia har Codice fiscale, og så vidare.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.