Eudyptes

From Wikipedia, the free encyclopedia

Eudyptes

Eudyptes er ei biologisk slekt av seks pingvinartar. Felles karakteristiske trekk inkluderer iaugefallande gulfarga fjørpryd på hovudet, som kraftige augebryn, dessutan raudfarge i nebbet, og rosa føter. Dei hekkar på New Zealand og sub-antarktiske øyar i Sørishavet. Alle legg to egg, men det første egget dei legg er vesentleg mindre enn den andre.

Kjappe fakta
Eudyptes
Thumb
Gulltoppingvin, Eudyptes chrysolophusSør-Georgia.
Foto: Serge Ouachée
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Aequornithes
Orden: Sphenisciformes
Familie: Pingvinar Spheniscidae
Slekt: Eudyptes
Vieillot, 1817
Lukk

Skildring

Lætet frå desse fuglane er meir samansett enn blant andre pingvinartar, med varierte strofer av ulik lengd.[1]

Eudyptes-pingvinar hekkar på øyar i dei sørlege delar av verdshava, det største mangfaldet finn ein rundt New Zealand og omkringliggande øyar. Kurtise og åtferd ved hekking er meir utvikla enn blant andre pingvinartar.[2] Begge kjønna tar del i ruging av egg og ungar.[3]

Desse pingvinane legg to egg, men det første er mindre enn det andre. Alle artane viser det sjeldne fenomenet, den første egget (eller egg-A) er monaleg mindre enn den andre (egg-B). Det er mest ekstremt hos klippehopparpingvin, kor det første egget gjennomsnitt berre har 60 % av storleiken til det andre egget.[4] Grunnen til dette fenomenet er enno ukjent.

Artsliste

Eudyptes i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[5] med norske namn etter Ny verdensliste med norske fuglenavn NOF, 20.04.2017

  • Skogpingvin, Eudyptes pachyrhynchus, Fiordland Penguin, VU
  • Hornpingvin, Eudyptes sclateri, Erect-crested Penguin, EN
  • Gulltoppingvin, Eudyptes chrysolophus, Macaroni Penguin, VU
  • Kvitkinnpingvin, Eudyptes schlegeli, Royal Penguin, VU
  • Klippehopparpingvin, Eudyptes chrysocome, Rockhopper Penguin, VU
  • Langduskpingvin, Eudyptes moseleyi, Tristan Penguin, EN
  • Snarespingvin, Eudyptes robustus, Snares Penguin, VU

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.