norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Erland Johnsen (fødd 5. april 1967) er ein norsk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar. Johnsen var ein kompromisslaus midtstoppar som fekk 24 A-landskamper for Noreg, og deltok i fotball-VM i 1994.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 5. april 1967 (57 år) | ||
Fødestad | Fredrikstad i Noreg | ||
Spelarposisjon | Midtstoppar | ||
Ungdomskarriere | |||
– | Ekholt Ballklubb | ||
Seniorspelar* | |||
År | Lag | Kmp (mål)† | |
1983–1988 | Moss | 55 (1) | |
1988–1989 | Bayern München | 21 (0) | |
1989–1997 | Chelsea | 136 (1) | |
1997–1998 | Rosenborg | 12 (0) | |
1998–1999 | Strømsgodset | 14 (0) | |
Landslag | |||
1988–1995 | Noreg | 24 (2) | |
Trenarlag | |||
2002–2003 | Moss | ||
2003–2006 | Follo | ||
2008 | Lillestrøm SK | ||
2012– | Strømmen | ||
* Kampar og mål for klubblag er berre rekna for den heimlege ligaen. † Kampar (mål). |
Johnsen starta karrieren som liten gut i Ekholt Ballklubb, Johnsen byrja seinare den store karrieren sin i Moss, og vart så proff i Bayern München. I 1989 gjekk han til engelske Chelsea, der han spelte i åtte år. Han vart engelsk cupmeister i 1997, i 1994 pådrog han seg tidenes raskaste gule kort i ein FA-cup finale, etter 27 sekunder takla han Ryan Giggs i knehøgd. Seinare same år returnerte han til norsk fotball og Rosenborg. Han avslutta spelarkarrieren i Strømsgodset.
Johnsen var trenar for Follo, som spelte i 1. divisjon i 2006, fram til 10. november 2006, då han trekte seg som trenar, delvis på grunn av at laget rykte ned til 2. divisjon. Han var så toppspelarutviklar for tippeligalaget Lillestrøm SK, og vart trenar då Tom Nordlie fekk sparken der frå i 2008. I slutten av 2011 vart han tilsett som trenar for Strømmen i Adeccoligaen.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.