tysk poet og skribent From Wikipedia, the free encyclopedia
Erich Kästner (23. februar 1899–29. juli 1974) var ein av dei mest berømte tyske forfattarane i det tjuande hundreåret, kjend for eit breitt publikum for satiriske dikt og humørfylte, skarpsindige barnebøker.
Erich Kästner | |
Statsborgarskap | Det tyske keisardømet, Weimarrepublikken, Det tyske riket, Den allierte okkupasjonen av Tyskland, Vest-Tyskland, Tyskland |
Fødd | 23. februar 1899 Dresden |
Død | |
Yrke | skribent, lyrikar, romanforfattar, barnebokforfattar, manusforfattar, journalist, skodespelforfattar, kabaretartist, kommentator, musikar |
Språk | tysk |
Medlem av | Deutsche Akademie für Sprache und Dichtung, Bayerische Akademie der Schönen Künste |
Mor | Ida Kästner |
Ektefelle | ingen verdi |
Erich Kästner på Commons |
Kästner voks opp i ein handverkarfamilie i Dresden, og tok lærarutdanning 1913-19; avbrote av at han 1917-1918 deltok i eit artillerikompani i fyrste verdskrigen. Krigen gjorde sterkt inntrykk på han, og han vart pasifist. Etter krigen studerte han tysk historie og teatervitskap ved Universität Leipzig. Han tok doktorgrad i 1925 på ei avhandling om Fredrik II og tysk litteratur, og arbeidde deretter som journalist og kritikar.
Han var mellom anna tilknytt veketidsskriftet Die Weltbühne, som vart leia av Kura Tucholsky og seinare Carl von Ossietzky. Forfattarskapen er utprega antifascistisk, med spor av retninga Neue Sachlichkeit. Han skreiv òg lettare komediar.
Kästners mest kjende barnebok er Emil og detektivane frå 1928. Boka var oppsiktsvekkjande for samtida i og med den realistiske samtidsskildringa frå bymiljøa; tidlegare spenningslitteratur for barn vart gjerne lagt til eksotiske eller eventyrlege miljø. Boka vart raskt ein suksess, og er omsett til nærare 60 språk. Den fyrste filmen vart laga i 1931. Kästner skreiv òg Lise og Lotte eller omvendt frå 1949, som er førelegget for filmen Foreldrefellen frå 1998 med Lindsay Lohan i hovudrolla.
Kästner vart i 1959 tildelt stort fortenstkors av Forbundsrepublikken Tysklands fortenstorden.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.