From Wikipedia, the free encyclopedia
Ergene (tyrkisk Ergene Nehri, gammalgresk Ἀγρίανες Agrianes) er ei elv i den europeiske delen av Tyrkia. Ho er ei venstre sideelv til Maritsa, og er 283 km lang, med eit nedbørfelt på 17 323 km² og ei middelvassføring på 27,5 m³/s. Elva har utspring i den sørlege delen av Strandzja-fjella, og renn derfrå mot vest og sørvest gjennom eit breitt og ope dalføre. Elveløpet er særs svingete, og den nedste delen av elva er i stor grad kanalisert og retta ut. Samløpet med Maritsa ligg 20 meter over havet, på grensa mellom Tyrkia og Hellas, 12 km nord for byen İpsala.
Ergene | |||
Ergene Nehri, Agrianes | |||
elv | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 17 323 km² | ||
Lengd | 283 km | ||
Middelvassføring | 27,5 m³/s | ||
Kjelde | Strandzja | ||
Munning | Maritsa | ||
Ergene 41.02611111°N 26.36027778°E | |||
Wikimedia Commons: Ergene River | |||
Dei største busetnadane langs elva er Uzunköprü, Pehlivanköy, Çerkezköy og Muratlı.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.