From Wikipedia, the free encyclopedia
Elisabeth Kåss Furuseth (fødd 18. juli 1980), profesjonelt kjend som Else Kåss Furuseth,[1] er ein norsk standupkomikar, skodespelar, reporter og programleiar. Ho er blant anna kjend som programleiar i sitt eige talkshow Kåss til kvelds, som medevrkande i Torsdag kveld fra Nydalen og for teatermonologane Kondolerer og Gratulerer.[2] Ho har vunne tre Gullruteprisar som beste programleiar.
Else Kåss Furuseth | |||
| |||
Fødd | 18. juli 1980 (44 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Jessheim | ||
Fødenamn | Elisabeth Kåss Furuseth | ||
Verka som | skodespelar, reporter, programleiar, komikar | ||
Prisar | Wenche Foss’ ærespris, Åpenhetsprisen, Gullruten for beste programleder, Gullruten for beste programleder, Gullruten for beste programleder |
På 2000-talet var ho programleiar og medarbeidar i fleire radioprogram på NRK P3: programleiar i Show Show (2006), assistent i Klaus Sonstad Show (2006), fast medarbeidar i Ken eller Torkil og programleiar for Tjukkas saman med Sigrid Bonde Tusvik. Ho har òg laga reportasjar og seriar til NRK P3TV, til dømes serien Gipskvinnen, der ho gipsa begge armane og samstundes prøvde å leva eit normalt liv.
Saman med Henrik Thodesen, Odd-Magnus Williamson, Morten Ramm og Sigrid Bonde Tusvik var ho i perioden 2002 til 2008 med på å laga og framføra sketsjeshowet Blymandag.[3] Showet var ein forløpar til humorprogrammet Torsdag kveld fra Nydalen som hadde premiere på TV 2 i mars 2009 og der ho sidan var ein av dei faste programleiarane. Våren 2010 var ho deltakar på Camp Senkveld i TV 2-programmet Senkveld med Thomas og Harald. I 2011 deltok ho i Kjendisbarnevakten på NRK 1, ein reality-konkurranse som ho vann.
I perioden 2011–2016 spelte ho si eiga førestilling, Kondolerer, der ho fortalde om mora og sjølvmordet til broren. Førestillinga vart blant anna sett opp på Torshovteatret og Nationaltheatret. Førestillinga og Furuseth vart nominerte til totalt fire prisar under Komiprisen 2012: beste førestilling, beste kvinnelege artist, revy og komedie, årets nummer og årets morosamaste. I 2012 var ho laurdagsspaltist i Dagbladet.[4]
Furuseth vart i 2012 tildelt Wenche Foss' ærespris saman med Foreningen «Vi som har et barn for lite».[5]
Hausten 2012 debuterte Furuseth på film i spelefilmen Tina & Bettina, der ho spelte mot Torsdag kveld-kollegaene Odd-Magnus Williamson og Henrik Thodesen i tillegg til modellen og programleiaren Triana Iglesias. Filmen er basert på dei to vestkantjentene Tina og Bettina, som har opphav frå tidlegare sketsjar gjort i Torsdag kveld frå Nydalen på TV 2.
I 2014 hadde Furuseth, Sigrid Bonde Tusvik og Henriette Steenstrup eit show på Latter kalla Mot i brøstet.[6] Same år fekk ho sitt eige talkshow på TV 2 kalla Else. Det vart kansellert i juni 2014. Deretter vart ho i 2015 programleiar for eit nytt talkshow på same kanal, med tittelen Det er lov å være blid, som gjekk i tre sesongar; våren 2015, hausten 2015 og våren 2016.[7]
I 2016 slutta Furuseth i TV 2 og byrja som programleiar i TVNorge.[8] Hausten 2018 var ho programleiar for dokumentarserien Else om: selvmord på TVNorge. For serien vann ho og programmet to prisar under Gullruta 2019, i kategoriane «beste programleiar» og «beste nyhende-, til sports- eller aktualitetsprogram». I tillegg var ho nominert i klassane «årets nyskaping» og «publikumsprisen».[9] For oppfølgjarserien Else om: barn, som vart send i 2019, vann ho Gullruta 2020 i klassa «programleiar – underhaldning».[10] I 2019 vende ho tilbake til NRK, og våren 2020 leidde ho første sesong av sitt eige talkshow Kåss til kvelds, med Markus Neby som medprogramleiar.[11] For programmet vann ho Gullruta 2021 i klassa beste programleiar - underhaldning.[12]
Sidan 2016 har ho leidd radioprogrammet og podcasten The Kåss Furuseths med systera Cecilie Ramona Kåss Furuseth, og i 2019 var ho programleiar i podcasten Ufiltrert, produsert av Anti.
Else Kåss Furuseth er tremenning av legen og politikaren Robin Martin Kåss, som i 2015 vart ordførar i Porsgrunn.[15]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.