Eli Rygg

norsk songar og skribent From Wikipedia, the free encyclopedia

Eli Rygg

Eli Rygg (fødd 22. september 1955) er ein norsk barnepleiar, forfattar, songar og underhaldar. Ho vart landskjend som programleiar i barne-TV-programmet Portveien 2, saman med Jarl Goli og (seinare) Terje Strømdahl. Programma vart sende på NRK1980-talet. Sidan har ho arbeidd mellom anna med frokost-TV og barneradio, vore omreisande eventyrfortellar og medverka på ei rekke barneplater.

Sjå òg Eli Ryg.
Kjappe fakta
Eli Rygg
Thumb
StatsborgarskapNoreg
Fødd22. september 1955 (69 år)
 Norge Veblungsnes i Rauma kommune
YrkeBarnepleiar, forfattar, songar og programleiar
Språknorsk
Lukk

Liv og virke

Eli Rygg er fødd og voks opp på Veblungsnes, ikkje langt frå Åndalsnes, i Møre og Romsdal. Som 12-åring flytta ho med familien til Levanger. Ho gjekk på folkehøgskole i Skogn og på Inderøy. Ho vart tenåringsmor til ei dotter i 1973, og studerte barnepleie på Skatval og arbeidde deretter på Stjørdal. Ho bur i dag på Son og har tre barn, to jenter og ein gut. Hennar bakgrunn har ført til at ho er særleg opptatt av barnevern og at ho har skrive barnebøker.

Eli Rygg debuterte som barnebokforfattar i 1998.

Radio og TV

I 1985 flytta ho til Oslo for å vere med på Portveien 2Barne-TVNRK.[1] Ho har seinare vore med i Teodors julekalender og Frokost-TVNRK1,[2] Barn ingen hindringNRK2 og radioprogrammet RevehietP4 Radio Hele Norge.[3]

I 1987 var ho kåra til Årets TV-Navn av Se og Hør.[4]

Forfattar

Ho har skrive fleire barnebøker[5] og har lese opp eventyr med stønad frå Rikskonsertane.[2] Ho har skrive barnebøkene Hvor gammel blir en bølge? frå 2001, som handlar om sorg og om å døy ung, og Jeg sa ikke kom inn frå 2005 som er ei bok om seksuelle overgrep mot barn. Ho har dessutan vore spaltist i A-pressen si barneside «Barnekroken» i fleire år. Spalta har blitt trykt i 27 aviser.

Bibliografi i utval

  • 2001: Hvor gammel blir en bølge?
  • 2005: Jeg sa ikke kom inn, Gyldendal. ISBN 978-82-05-34582-9
  • 2007: Koppen med skår i - En bok om skilsmisse, Gyldendal. ISBN 978-82-05-37449-2
  • 2015: Jeg vet at man kan bli helt glad igjen

Diskografi

  • Velkommen til Portveien (1985), med Jarl Goli
  • Glade jul (1985)
  • Norske folkeeventyr (1986)
  • Flere sanger fra Portveien (1986), med Jarl Goli
  • Bli med til Portveien (1987), med Terje Strømdahl
  • Gi barn syn – Portveiens beste (1988), med Terje Strømdahl & Jarl Goli
  • Jul i Portveien med Eli og Terje (1988), med Terje Strømdahl
  • Ballongen som fløy (1989) med tekster av Andre Bjerke
  • Karry Kalkun & frokostfrakken (1989)
  • Julestri og adventstid hos Eli og Teodor (1991), med Teodor
  • Rødfargen som forsvant (1994), med Anders Rogg
  • Eli Rygg leser Peter & ulven og Tubaen Tobby (1997)
  • Julestemning med Eli Rygg (2000)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.