brasiliansk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Elano Ralph Blumer (fødd 14. juni 1981 i Iracemápolis i delstaten São Paulo) er ein brasiliansk fotballspelar som spelar på midtbanen for Galatasaray i den tyrkiske fotballigaen, og for landslaget til Brasil.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Elano Ralph Blumer | ||
Fødd | 14. juni 1981 | ||
Fødestad | Iracemápolis i Brasil | ||
Høgd | 175 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Galatasaray | ||
Nummer | 9 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1998-99 2000 |
Guarani Inter de Limeira | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2001-04 2004-07 2007-09 2009- |
Santos Sjakhtar Donetsk Manchester City Galatasaray |
129 (34) 49 (14) 62 (14) 22 (3) | |
Landslag | |||
2004- | Brasil | 42 (6) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 12. desember 2009 ‡ Landslagsmål oppdatert 12. desember 2009 |
Elano spelte i tre år i storklubben Santos og vann den brasilianske serien med dei i 2004. Same året drog han til Europa og Sjakhtar Donetsk i Ukraina. Etter tre år i Ukraina, der han var med på å vinna serien i 2005 og 2006, vart han kjøpt for 8 millionar britiske pund av Manchester City, 2. august 2007. Etter ein vellukka første sesong, der han vart klubben sin toppskårar i Premier League med 8 seriemål, fekk han problem med å halda ein fast plass på laget i 2008/09-sesongen. 30. juli 2009 skreiv han under for den tyrkiske toppklubben Galatasaray.
Elano debuterte for Brasil sitt A-landslag i oktober 2004. Då han spelte for Brasil mot Noreg 16. august 2006, vart han den første spelaren frå den ukrainske fotballigaen til å spela på Brasil sitt landslag. Han var med på Brasil sitt lag som vann Copa América i 2007.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.