El'ad
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
El'ad, òg skrive Elad (hebraisk skrift אלעד), er ein by i Sentral distrikt i Israel. Han ligg kring 25 km aust for Tel Aviv langs vegen mellom Rosh HaAyin og Shoham. I 2009 hadde byen eit folketal på 36 300.[1] El'ad er den einaste staden i Israel som offisielt har status som ein religiøs kommune. Namnet El'ad tyder «Gud for alltid», men er òg namnet på eit medlem av Efraim-stamma, som budde i dette området (Første Krønikebok 7:21).[2]
El'ad | |||
by | |||
|
|||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Koordinatar | 32°3′8.34″N 34°57′4.47″E | ||
Areal | 2,76 km² | ||
Folketal | 36 300 (2009)[1] | ||
Folketettleik | 13 152 / km² | ||
Grunnlagd | 1998 | ||
• Bystatus | 2008 | ||
Borgarmeister | Israel (Srulik) Porush | ||
El'ad 32.052316666667°N 34.951241666667°E | |||
Kart som viser El'ad.
| |||
Wikimedia Commons: El'ad | |||
Bygginga av El'ad byrja seint i 1990-åra, då regjeringa i 1990 avgjorde å byggje ei rekkje busetnader langs grensa til Vestbreidda under den dåverande bustadministeren Ariel Sharon,[3] og gav raskt bustad for 50 000 innbyggjarar.[4] Byen vart bygd frå starten av som eit planlagt samfunn i følgje byplanleggingsparadigme som minna om Modi'in og den nærliggande Shoham. Medan desse byane hadde ein blanda folkesetnad av ikkje-religiøse og religiøse jødar, var El'ad opphavleg planlagt for ei blanding av moderne ortodokse/religiøse sionistiske jødar og ultraortodokse haredi-jødar. Størsteparten av innbyggjarane er haredi-jødar. Leiligheitene er tilpassa folkegruppa som har ein tendens til å ha større familiar enn den gjennomsnittleg folkesetnaden.
I 1998 hadde El'ad alt fått status som lokal kommune og i februar 2008 fekk El'ad bystatus.[5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.