Eksosfæren er det øvste laget av atmosfæren til Jorda. Namnet kjem av det greske ordet exo som tyder utside. Eksosfæren ligg over termosfæren og byrjar mellom 500 og 1000 km over jordoverflata. Det er berre frå eksosfæren at atmosfæriske gassar, atom og molekyl til ei viss grad kan forlate atmosfæren og hamne i det ytre rom. Dei vanlegaste gassane i eksosfæren er dei lette gassane som hydrogen og helium, og enkelte oksygen atom i det lågaste nivået av laget.
Atmosfæren i dette laget er så pass tynn at satellittar kan krinse rundt Jorda, men dei vil likevel oppleve atmosfærisk friksjon.
Eksobasen blir kalla det kritiske nivået, og er grensa mellom eksosfæren og termosfæren. Den blir definert på to måtar:
- Over denne høgda blir den atmosfæriske kollisjonen mellom partiklar neglisjerbar.
- Over denne høgda vil atmo berre ha reine ballistiske banar.
Den eksakte høgda der eksosfæren endar og verdsrommet byrjar er ikkje godt definert, og eit forsøk på å sette ein spesifikk grenseverdi har inga nytte.
Troposfæren | Stratosfæren | Mesosfæren | Termosfæren | Eksosfæren |
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.