From Wikipedia, the free encyclopedia
Eivind Osnes (fødd 11. mai 1938) er ein norsk fysikar. Osnes er professor i kjernefysikk og var instituttleiar ved Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo fram til år 2009.
Eivind Osnes | |||
Fødd | 11. mai 1938 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | professor | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Academia Europaea |
Osnes er dr. philos. frå UiO i 1966, og disputerte med avhandlinga «Shell model calculations in calcium isotopes». Etter å ha vore postdoc ved blant anna Nordisk Institut for Teoretisk Atomfysik i UiO og State University of New York vart Osnes dosent ved Universitetet i Oslo i 1977, før han vart professor i 1985. Osnes har gjeve viktige bidrag innanfor teoretisk kjernefysikk, særleg til forståinga av strukturen til atomkjernen.
Osnes var formann i Det norske lutherske Indremisjonsselskap i perioden 1992-2000. Han var leiar for leiar for Teknologirådet frå 1999 til 2007, president i Norsk Fysisk Selskap frå 1979 til 1990, og har òg sete i styret i Det Norske Videnskaps-Akademi og i ei lang rekkje andre andre styre og utval. I 2001 var han kandidat i rektorvalet ved UiO.
I 2008 fekk Osnes Kongens fortenestmedalje i gull.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.