From Wikipedia, the free encyclopedia
Einar Kringlen (fødd 6. juni 1931) er ein norsk professor i psykiatri. Han er fødd i Høyanger og busett i Oslo. Han vart cand. med. i 1958 og dr. med i 1967. Kringlen var professor i klinisk psykologi ved Universitetet i Bergen 1969-1971 og professor i medisinsk åtferdsfag 1967-1983. I tida 1984-2001 var han professor i psykiatri ved Universitetet i Oslo og administrativ overlege ved Psykiatrisk klinikk, Vindern i Oslo.
Einar Kringlen | |||
Fødd | 6. juni 1931 Høyanger kommune | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | schizofreni, bipolar liding, epidemiologi, tvillingstudier | ||
Yrke | psykiater, professor | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo Universitetet i Bergen | ||
Alma mater | Universitetet i Bergen Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Kringlen har utført omfattande tvillingstudiar og epidemiologiske undersøkingar av utbreiinga av psykiske lidingar i befolkninga. Han har mellom anna blitt kjend for utspelet om at krisepsykologi ikkje hjelp og at krisepsykologar sjeldan klarar å hjelpe mennesker ved hjelp av rutinemessige debrifingar.[1]
Han har vore aktiv i debattane om samfunns- og helseforhold i Norge og om Midtausten-konflikten. Kringlen var den første leiaren i Norske leger mot atomvåpen i 1981.
Kringlen er ein internasjonal kjend forskar.
Han er riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden (1998).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.