From Wikipedia, the free encyclopedia
Eiliv Skard (fødd 19. oktober 1898 i Levanger, død 30. september 1978 i Oslo) var ein norsk akademikar som var professor ved Universitetet i Oslo frå 1934 til 1968, først i klassisk filologi, og frå 1948 i antikkens åndshistorie.
Eiliv Skard | |||
Fødd | 19. oktober 1898 | ||
---|---|---|---|
Død | 30. september 1978 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | lingvist, filolog, klassisk filolog | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo |
Han var fødd i Levanger, men familien flytta i 1901 til Kristiansand, der han voks opp. Han tok artium i 1916, adjunkteksamen i 1922, var gymnaslærar i Hornnes og Orkdal landsgymnas på 1920-talet og vart dr.philos. i 1931.
Skard hadde ei allsidig og omfattande verksemd, både innanfor det akademiske feltet, som lærebokforfattar og som folkeopplysar. Han var medansvarleg for Samlagets serie Klassiske bokverk i norsk umsetjing frå starten av, var medredaktør av Vestens tenkere (3 bind, 1962).
Eiliv Skard skreiv nynorsk. Frå 1930-åra av var han knytt til Oxfordrørsla og MRA.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.