General Sir Edward Sabine (14. oktober 1788–26. juni 1883) var ein irsk astronom, geofysikar ornitolog og utforskar. Han vart fødd i Dublin og døydde ved East Sheen i Surrey.
Edward Sabine | |||
| |||
Fødd | 14. oktober 1788 Dublin | ||
---|---|---|---|
Død | 26. juni 1883 East Sheen | ||
Nasjonalitet | Kongeriket Irland, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia | ||
Område | fysikk, matematikk | ||
Yrke | astronom, oppdagar, ingeniør, fysikar, botanikar, matematikar, ornitolog, zoolog | ||
Alma mater | Royal Military Academy Woolwich | ||
Ektefelle | Elizabeth Juliana Leeves Sabine | ||
Medlem | Royal Society Kungliga Vetenskapsakademien American Academy of Arts and Sciences Det russiske vitskapsakademiet Det prøyssiske vitskapsakademiet Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL Accademia delle Scienze di Torino |
Sabine er særleg kjend for to ting: han fann ut lengda på sekundpendelen, ein enkel pendel som har ein periode på jordoverflata på nøyaktig to sekund, altså eit sekund i kvar retning, og han gjorde omfattande forsking på jorda sitt magnetfelt. Han fekk oppretta magnetiske observatorium i dei britiske koloniane over heile jorda.
I tillegg forska han mykje på forskjellige emne som fuglar på Grønland (sabinemåse er kalla opp etter han), havtemperaturar, Golfstraumen, barometriske målingar av høgder, bogane til meridianane, korleis isbrear fraktar steinar, vulkanane på Hawaii og forskjellige emne innan meteorologi.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Edward Sabine» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mai 2010.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.