From Wikipedia, the free encyclopedia
EPA-traktorar er ei svensk nemning for personbilar som er ombygd for landbruksføremål.[1] EPA-traktorar vart innførte i Sverige under 2. verdskrig for å bøta på mangelen på traktorar. Det var som oftast gamle personbilar, eller av og til lastebilar, som vart ombygde og registrerte som EPA-traktorar. Dei ombygde traktorane var enklare og billigare enn vanlege traktorar, så folk tok til å kalla dei EPA-traktorar, etter det svenske lågprisvarehuset EPA.
For å hindra at EPA-traktorane vart nytta som personbilar var det krav om at dei skulle ha ramme og ikkje sjølvberande karosseri. Dessutan var det krav om at bakakselen ikkje skulle ha fjøring. Det var ikkje noka direkte avgrensing av farten, men for å hindra for stor fart var det krav om at bakhjula maksimalt skulle rotera ein omdreiing når veivakslen i motoren roterte 10 omdreiingar.
Etter krigen vart det slutt på å nytta EPA-traktorar innan landbruket, men på grunn av at dei kunne køyrast av 16-åringar med traktorførarkort var dei populære hjå ungdommar, som nytta dei som rånarbilar. Sist på 1960 og tidleg på 1970-talet var Volvo Duett populært som utgangspunkt for å bygga EPA-traktorar. Ein viktig grunn til dette var at han hadde ramme i staden for sjølvberande karosseri og at det var lett å få tak i reservedalar.
Frå 31. mars 1975 vart EPA-traktorane erstatta av A-traktorar, men desse vert framleis kalla EPA-traktorar på folkemunne. EPA-traktorar er saktegåande og hindrar flyten i trafikken og det er aukande motstand mot dei i Sverige.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.