underart i planteriket From Wikipedia, the free encyclopedia
Dyneflangre (Epipactis helleborine asp. neerlandica) eller jærflangre er ei plante i flangreslekta Epipactis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
Dyneflangre | |||
Status i verda: Livskraftig | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Epipactis | ||
Art: | E. helleborine | ||
Vitskapleg namn | |||
Epipactis helleborine ssp. neerlandica
(Verm.) Buttler | |||
Økologi | |||
Habitat: | sanddyne | ||
Utbreiing: | Eurasia | ||
Dyneflangre, tidlegare kalla jærflangre, er ein underart av breiflangre, med eit noko tettare aks enn nominatunderarten skogbreiflangre (ssp. helleborine) og med blada litt tettare inntil stengelen.[2]
Dyneflangre er knytta til sanddynelandskap, og finst berre i landa rundt Nordsjøen. I Noreg finn vi han i dynetrauga bak strendene på Jæren.[3] I raudlistevurderiga 2021 er underarten klassifisert som sterkt truga (EN).[4]
Arten finst òg i Danmark. I den danske Naturbasen er det oppgitt to varietetar:
På dei britiske øyane er dyneflangre rapportert frå Wales, men er så langt ikkje endeleg stadfesta, og står i den britiske raudlista på venteliste (WL).[7][8]
I Benelux er underarten (nederlandsk namn duinwespenorchis, fransk namn épipactis de Hollande) å finne i sanddyner langs kysten i Nederland. I Flandern i Belgia er han sjeldan, og han finst ikkje i Vallonia.[9] I den nederlandske raudlista er arten rekna som livskraftig (LC, thans niet bedreigd).[10] I Belgia er han ikkje raudlistevurdert separat, og i Luxembourg finst han ikkje.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.