pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia
Dvergsjimpanse eller bonobo er ein primatart i menneskeapefamilien. Saman med sjimpansen er han den dyrearten som er genetisk likast menneske. Arten blei først skildra vitskapleg i 1929. Han er rekna som truga.
Dvergsjimpanse | |
Dvergsjimpanseho. Foto: Pierre Fidenci | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sterkt truga[1] Utbreiinga av dvergsjimpanse | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Primatar Primates |
Familie: | Hominidae |
Slekt: | Sjimpansar Pan |
Art: | Dvergsjimpanse P. paniscus |
Vitskapleg namn | |
Pan paniscus Schwarz, 1929 |
Dvergsjimpansen blir om lag 70–83 cm lang og veg 31–39 kg. Hannane er større enn hoene. Han har svart pels, som vanleg sjimpanse, men skil seg frå denne ved å også ha svart ansikt og issehår som veks ut mot sidene. Vaksne dyr kan også ha kvit haledusk. Dei er mindre enn vanlege sjimpansar, mellom anna ved å ha smalar brystkasse og mindre tenner, men har lengre lemmar.
Dvergsjimpansen lever i fuktige tropiske skogar over 1500 moh. Han finst vilt berre i Cuvette Centrale-regionen i Kongo i Sentral-Afrika. Området er avgrensa av elvane Kongo i nord og vest, Kasai og Sankuru i sør og Lomami i aust.
Krigane i Kongo, krypskyting og tap av habitat har ført til at bestanden av dvergsjimpansar har minka kraftig. Ein veit ikkje sikkert kor mange dvergsjimpansar som lever vilt. Forskarestimat går frå 29 500 (1997) til 50 000 (2001).[1]
Dvergsjimpansar lever i grupper, typisk på mellom 30 og 80 individ. Gruppene ser ut til å leiast av ein alfahann og ein matriark, men sosial rang ser ut til å vera mindre viktig hjå dvergsjimpansar enn hjå andre primatar.
Frukt og frø utgjer over halvparten av kosten. Elles et dei andre plantedelar, som lauv, blomar og plantemarg, smådyr og insekt.
Hoene føder ein unge om lag kvart femte år. Oppveksten tar lang tid, hoer blir kjønnsmodne når dei er rundt 7 år gamle, og vandrer då ofte vekk frå familiegruppa for å slå seg saman med ei anna gruppe.
Dvergsjimpansar har ikkje faste partnerar. Dei nyttar seksuelt samkvem til ei rekkje føremål, som helsing og konfliktløysing. Seksuell omgang av ulike typar kan finna stad stort sett utan omsyn til alder og kjønn.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.