Duluth er ein by i austre Minnesota, og hovudsete i St. Louis County. Byen ligg ved munningen av Saint Louis-elva ved vestspissen av Øvresjøen. Han er difor ein viktig hamneby for skipstrafikk på dei store innsjøane, med over 1000 skip årleg. På motsett side av elva som utgjer delstatsgrensa til Wisconsin ligg nabobyen Superior. Folketalsestimatet for 2004 sette innbyggjartalet i Duluth til 85 556; med forstader er folkesetnaden på rundt 184 000 innbyggjarar.
Duluth | |||
by | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Stat | Minnesota | ||
Fylke | Saint Louis County | ||
Areal | 236,778437 km² | ||
Folketal | 86 697 (1. april 2020)[1] | ||
Duluth i Minnesota 46.786944444444°N 92.098055555556°W | |||
Wikimedia Commons: Duluth, Minnesota | |||
Området var først folkesett av sioux- og chippewafolk. Franskmannen Daniel Greysolon, Sieur du Lhut, gjorde krav på området for Frankrike i 1679, og byen er oppkalla etter han. Byen utvikla seg gjennom 1800- og 1900-talet, først basert på trua om koparførekomstar i området, etter kvart på grunnlag av skoghogst, industri og stålproduksjon. Folketalet nådde ein topp på 106 884 i 1960. Nedlegginga av stålfabrikken i 1971 skapte mykje arbeidsløyse og fråflytting, men opna opp for renovasjon av sentrum for å tiltrekkja turistar.
Duluth dannar eit storbyområde med nabobyen Superior i Wisconsin. Begge byane er hamnebyar, og blir ofte «Twin Ports». Hamna i Duluth er den innlandshamna i verda som lengst inne i landet og framleis kan ta imot havgåande skip.[2] Ho er den største og travlaste hamna ved Dei store sjøane.[3]
Duluth-greina av University of Minnesota er det største universitetet i byen, med litt over 10 000 studentar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.