elv i Sentral-Europa, bielv til Donau From Wikipedia, the free encyclopedia
Drava (tysk Drau, ungarsk Dráva) er ei elv i sørlege delar av Sentral-Europa. Ho har sitt utspring i Sør-Tyrol i Italia og renn austover gjennom Tirol og Kärnten i Austerrike, inn i Slovenia (145 km), og så søraustover gjennom Kroatia, der ho dannar grensa mellom Kroatia og Ungarn. Til slutt renn ho ut i Donau nær byen Osijek. Ho har ei lengd på 725 km.
Drava | |||
elv | |||
Land | Italia, Austerrike Slovenia, Ungarn Kroatia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 11 828 km² | ||
Renn gjennom | Maribor, Osijek | ||
Sideelvar | Gail, Gurk, Mura | ||
Lengd | 749 km | ||
Kjelde | Sør-Tyrol i Italia | ||
• høgd | om lag 1 450 moh. | ||
Munning | I Donau ved Osijek i Kroatia | ||
• høgd | om lag 90 moh. | ||
Drava 46.722469444444°N 12.252988888889°E | |||
Wikimedia Commons: Drava | |||
Drava renn gjennom Lienz, Spittal an der Drau, Villach, Dieschitz og Ferlach i Austerrike, Dravograd, Vuzenica, Muta, Ruše, Maribor, Ptuj og Ormož i Slovenia, Varaždin og Osijek i Kroatia og Barcs i Ungarn. Ein kan segle på Drava i om lag 90 km frå Čađavica i Kroatia og til munningen.
Dei største sideelvene til Drava er Gail i Austerrike og Bednja i Kroatia frå venstre, og Gurk i Austerrike og Mura (nær Legrad) i Kroatia frå høgre.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.