Donaueschingen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Donaueschingen
Remove ads

Donaueschingen er ein by i Tyskland sørvest i delstaten Baden-Württemberg med om lag 21 000 innbyggjarar. Byen ligg i landkreisen Schwarzwald-Baar nær kjelda til elva Donau. Han ligg 13 km sør for Villingen-Schwenningen, 24 km vest for Tuttlingen og om lag 30 km nord for den sveitsiske byen Schaffhausen.

Kjappe fakta Land, Stat ...
Remove ads

Geografi

Donaueschingen ligg på Baarplatået sør i Schwarzwald. Elvane Brigach og Breg renn her i saman og dannar elva Donau, som har gjeve namn til byen.

Thumb
Donaueschingen rundt år 1900.

Historie

Byen vart først nemnd som Donaueschingen i 889. I 1283 gav Rudolf von Habsburg grevskapet Baar og Donaueschingen til Heinrich von Fürstenberg, i tillegg til rettane til å bryggje øl. Dette er opphavet til bryggjeriet Fürstlich Fürstenbergische Brauerei. I 1488 gjekk byen til greven av Fürstenberg. Frå 1700-talet var Donaueschingen residens for fyrstane av Fürstenberg. I 1806 kom byen inn under Storhertugdømet Baden og fekk bystatus i 1810. Ein stor del av byen vart øydelagd av ein brann i 1908.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads