From Wikipedia, the free encyclopedia
Dominikanarar (spansk Dominicanos) er folk frå Den dominikanske republikken. Dei fleste dominikanarar bur i Den dominikanske republikken på Hispaniola, men det finst òg ein stor dominikansk diaspora i USA, Puerto Rico og Spania. I 2007 var folketalet i Den dominikanske republikken rekna til 9 760 000 av Dei sameinte nasjonane.[1] Ved folketeljinga i 2009 rekna 1,414,703 innbyggjarar i USA seg som dominikanarar.
Dei fleste dominikanarar stammar frå ulike etniske grupper, hovudsakleg afrikanarar, europearar og karibiske tainoar. Nyare innvandrargrupper er haitiarar frå Haiti vest på Hispaniola, arabarar frå Midtausten, særleg Libanon, Syria og Palestina, og ei mindre gruppe austasiatar.
Flesteparten av dominkanarar er spansktalande. Dominikansk spansk liknar spanske variantar frå Puerto Rico, Cuba, Panama, Venezuela, Kanariøyane og Andalucia. Det har fleire eldre språkformer enn dagens spansk frå Spania, og fonologi, syntaks og til ein viss grad ordforrådet er påverka av afrikanske språk. I Den dominikanske republikken blir det òg snakka haitisk og samaná-engelsk.
95,2 % av dominikanarar er kristne, og 88,6 % er katolikkar. 4,2 % er protestantar medan 2,2 % er spiritistar og 1,0 % er mormonarar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.