norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Didrik Cappelen (29. september 1836–17. juli 1914) var ein norsk godseigar, forretningsmann og Høgre-politikar frå Skien. Han var stortingsmann i 1883-85. Eidsvollmannen Didrich von Cappelen var farfar hans.
Didrik Cappelen | |||
Didrik Cappelen. Illustrasjon i Skilling-Magazin 1891 | |||
Fødd | 29. september 1836 | ||
---|---|---|---|
Død | 17. juli 1914 (77 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, forretningsdrivande | ||
Mor | Benedicte Cappelen | ||
Far | Hans Cappelen (1803–1846) | ||
Barn | Didrik Cappelen | ||
Alle verv |
|
Far til Cappelen, som var stor forretningsmann i Skien og områda i kring, døydde då sonen var ti år gammal. 18 år gammal gjekk han inn i styringa av familiefirmaet, etter å ha fått handelsutdanning utanlands. I 1861 tok han over leiinga av verksemdene etter mor si, frå 1874 i fellesskap med den yngre broren Hans. Han var formann i Skiensvassdragets fløtningsforening i 37 år frå ho vart oppretta, også formann i Skiens brugseierforening, i Solum sparebank, seinare Skien sparebank og styreformann 1880-90 i Noregs Bank si avdeling i Skien.
Dei to brørne eigde og dreiv famileiføretaket fram til i kring 1895. Godset Gimsøy kloster og forretningsverksemda bestod av ein herregard i Skien, sagbruk, trelasthandel, jord og skog i Solum og Øvre Telemark, og eit reiarlag. Brørne gjorde i 1880-90-åra fleire store, mislukka investeringar i industriverksemd i Skien og Grenland. Eigedommane vart i åra etter seld unna, mellom anna kjøpte den norske staten skogane i Tinn. Heile verksemda vart avslutta med ein privat akkord.
Cappelen budde på Kloster i Solum frå 1862 til 1882. Han flytta då til herregarden Gjemsø kloster. Denne brann ned i 1885. Cappelen flytta sidan tilbake til Klosterøya, budde så i Tinn i Telemark og seinare på garden Løberg i Gjerpen.
Cappelen var ordførar i Skien i 17 år. Perioden 1883-85 hadde han sete på Stortinget som representant for Skien. Han var medlem av tollkomitéen. Etter partidanningane i 1884 vart med i Høgre si gruppe. 1874 var han medlem av skoglovskommisjonen han var medlem av den store jarnbanekommisjonen.
Han vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.
Cappelen døydde i Gjerpen i 1914.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.