From Wikipedia, the free encyclopedia
Det første triumviratet var ein politisk allianse i år 60 f.Kr. under republikken mellom tre framskotne romerske politikarar (triumvirar) som omfatta Julius Cæsar, Marcus Licinius Crassus og Gnaeus Pompeius. Dei tre var ambisiøse rivalar som alle søkte politisk makt, men fann det føremålstenleg å binde seg til ein politisk allianse for å få ryggdekning hjå kvarandre. Alliansen var ikkje ein samanslutnad av personar med felles politiske ideal og ambisjonar, men dei søkte alle personlege fordelar frå avtalen.[1]
Latinske triumvir eller tresvir tyder «ein av tre menn i same posisjon eller av same autoritet»[2] omgrepet kjem frå den gamallatinske frasen trium virum, genitiv fleirtal av tres viri, «tre menn», danna av tres, tre, og viri, fleirtal av vir.[2] Den politiske nemninga triumvirat er langt yngre (dokumentert på 1580-talet) og kjem frå triumviratus, avleidd frå triumvir.[3] Uttrykket er i hovudsak nytta om det første triumviratet og det andre i 43 f.Kr. mellom Marcus Antonius, Lepidus og Gaius Octavius.[4]
Hærføraren Pompeius, som hadde sigra over piratar frå Kilikia i Anatolia, hærteke Selevkidarriket i Asia, og lagt under seg Judea i Midtausten, hadde ikkje det romerske senatet med seg i måten han organiserte landområda i aust.[4] Crassus, ein av dei rikeste borgarane i Roma, og den som sigra over opprøraren Spartakus, hadde ikkje fått den strålande karrieren som senator han tykte han fortente.[4] Julius Cæsar, ein populær og taktisk dugande politikar vart vald til konsul for året 59 f.Kr., men visste at han ville møte opposisjon frå dei konservative senatorane.[4]
Crassus og Pompeius hadde til felles at dei båe var særs rike, ein fordel Cæsar ikkje hadde, men familien hans kunne spore ætta attende til Romas opphav. Crassus var viljug til å støtte gjeldsforpliktingane åt Cæsar då han var i provinsen Spania i 61, og i løpet av sitt år som romersk konsul i 59 pressa Cæsar gjennom Pompeius sine busetnadsordningar. Jordtildelingane åt Pompeius var eit resultat av løftene han hadde gjeve til soldatane sine om løn for militærbragdene dei hadde utført, acta, i austerlanda.[5]
Når triumviratet faktisk vart inngått, er eit emne for akademisk debatt,[6] men det er generelt trudd at det skjedde ein gong i løpet av året 60 f.Kr. då Cæsar vart konsul. Den greske historikaren Plutarkos skildra den politiske avgjerda på følgjande vis:
Da de som trakter etter triumf, måtte holde seg utenfor byen til de fikk lov til å toge inn, mens de som søker konsulembetet, måtte være tilstede i byen, var Cæsar i et dilemma. Han var kommet tilbake akkurat til konsulvalget skulle finne sted, og sendte bud til senatet med anmodning om å få lov til å melde seg som kandidat til konsulatet gjennom sine venner uten å være til stede. Cato hevdet først med styrke lovens bestemmelser mot Cæsars anmodning, og senere, da han så at Cæsar hadde vunnet mange for seg, forhalte han saken ved å tale hele dagen. Da besluttet Cæsars venner å oppgi triumfen og holde seg til å søke konsulatet. Med en gang han kom til byen, begynte han en politisk manøver som narret alle unntatt Cato. Den gikk ut på å få istand en forsoning mellom Pompeius og Crassus, de to mest innflytelsesrike menn i Roma. Det lyktes Cæsar å føre dem sammen og forvandle deres uenighet til vennskap, og dermed overførte han deres samlede styrke til seg selv. Ved en handling som virket menneskekjærlig omstyrtet han i virkeligheten statsforfatningen uten at folk var oppmerksom på det. For det var ikke, slik de fleste tror, striden mellom Cæsar og Pompeius som fremkalte borgerkrigen, men snarere deres vennskap. De sluttet seg først sammen for å gjøre ende på embedsadelens makt. Siden kom de på samme måte i motsetning til hverandre.[7]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.