britisk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Desmond Sinclair Walker (fødd 26. november 1965) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Hackney. Han var sideback og deltok i 59 landskampar i tida 1988-93. I 1990 spelte han bronsefinalen under VM i fotball 1990.
Des Walker | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 26. november 1965 (58 år) London |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1990, EM i fotball 1992 |
Walker fekk sin ligadebut med Nottingham Forest i 1984 og var aktiv i klubben til 1992. Her var han med å vinne ligacupen i 1989 og 1990. Etter å ha gjort teneste i italienske Sampdoria i 1992/93-sesongen, vart han sommaren 1993 overført til Sheffield Wednesday. Gjennom åtte sesongar til 2001 var han fast i fyrste-ellevaren til laget frå Sheffield. Walker slutta som aktiv i 2004 etter på ny å ha spelt for Nottingham Forest, då på nivå 2 i ligasystemet.
Walker fekk sin landslagsdebut 14. september 1988 som innbytar. Fram til 17. november 1993 spelte han venstreback i til saman 59 kampar, skåra aldri. Under VM i fotball 1990 imponerte han stort med si fart og taklingsevne. Meisterskapen enda med at England tapte bronsefinalen mot vertslandet Italia. 1992/93 tok han del i begge VM-kvalifiseringskampane mot Noreg. Oppgjeret i London enda 1-1, i Oslo tapte England 0-2.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.