Den yngre futharken

From Wikipedia, the free encyclopedia

Den yngre futharken
Remove ads

Den yngre futharken er eit runealfabet med 16 teikn. Dette alfabetet er ein redusert utgåve av den eldre futharken. Den yngre futharken var i bruk frå omtrent år 800. Det er eit paradoks at talet på teikn vart redusert i ein periode då talet på fonem i talespråket faktisk auka.

Thumb
Den yngre futharken med langkvistruner, kortkvistruner og latinske bokstavar nedst.
Thumb
Runerad eller futhark rista på eit bein som er funne i Lund i dagens Sverige.
Remove ads

Språkutvikling

I tida mellom 500- og 800-talet endra språket i Norden seg påtakeleg. Frå å vera eit gammaldags germansk språk som er relativt vanskelig for ein moderne talar av norsk å forstå, oppstod norrønt, eit samnordisk språk med kortare ord og endra vokalar.[1] Det blei stadig vanskelegare å nytta det eksisterande runealfabetet, den eldre futharken, til dei nye lydane, og løysinga blei å forenkla runerekka slik at ei enkelt rune dekka eller tilsvara fleire lydar. Rundt år 800 hadde desse endringane nærast standardisert seg på ein futhark med 16 teikn og blei det runealfabetet som blei nytta i den tidsepoken som blir kalla for vikingtida. Forenklinga kan ha vore motivert ut frå at fleire hadde behov for å læra seg å skriva runer i verksemda si, til dømes nordiske handelsmenn.[1] Dei fleste runer som er bevart i dag er rissa ved hjelp av denne futharken.

Remove ads

Utforming av runene

Futharken opptrer i nokre ulike variantar med forskjellig utforming av runeteikna. Dei to viktigaste variantane i Norden blir kalla for normalruner eller «danske runer», og kortkvistruner eller «svensknorske runer». Ein meir sjeldan variant er «stavlause runer», som fyrst var kjende berre frå Hälsingland og Medelpad. Desse tre variantane representerer truleg ulike behov: normalruna var mest monumental og passa best på runesteinar, kortkvistrunene var noko enklare og raskare å rissa og blei truleg nytta mest ved rissing på tre og bork, medan stavlause runer var ei form for snøggskrift.[2] Det er knapt bevart nokon inskripsjonar i tre frå vikingtida, så denne teorien er ikkje stadfesta.[1] Kortkvistruner, som også blir kalla stuttruner, svensk-norske runer og Rök-runer, er ein av to hovudvariantar av runer i den yngre futharken.[3][4] Den andre blir kalla langkvistruner (eller danske runer, dansk-svenske runer, vanlige runer og normalruner). I tillegg finst ei rekkje andre variantar av runer.

Den eldre futharken

f

u

þ

a

r

k

g

w

h

n

i

j

æ

p

z

s

t

b

e

m

l

ŋ

o

d

Den yngre futharken

f

u/v/w/, y, o, ø

þ, ð

ą, o, æ

r

k, g

h

n

i, e

a, æ

ʀ

s

t, d

b, p

m

l

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads