Protestantisme er nemninga på den forma for kristendommen som voks fram i tida kring reformasjonen på 1500-talet.[1] Det finst mange under-retningar av protestantisk kristendom med tildels store skilnader. Av desse kan nemnast evangelisk-luthersk kristendom, reformert kristendom, metodisme, baptisme, anabaptisme, presbyteriansk kristendom og sjuandedagsadventisme.
Nemninga «protestantisk» stammar frå riksdagen i Speyer som fann stad i 1529. Tilhengjarane av reformasjonen til Martin Luther protesterte mot eit forbod mot vidare utbreiing av rørsla. Protestantane sjølv brukte gjerne neminga «evangelisk» om seg sjølve, med vekt på evangeliet med bodskapen om syndsforlating og rettferdiggjering ved tru åleine.[1]
Sjå òg
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.