Den faste skilsdomstolen
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den faste skilsdomstolen (fransk Cour permanente d'arbitrage, engelsk Permanent Court of Arbitration) er ein internasjonal domstol for frivillig løysing av konfliktar mellom statar.
Den faste skilsdomstolen | |||
| |||
Type | Internasjonal domstol | ||
---|---|---|---|
Virkefelt | Nederland | ||
Skipa | 1899 | ||
Hovudkontor | Fredspalasset | ||
Nettside | pca-cpa.org |
Domstolen vart oppretta ved konvensjon i 1899 etter den første fredskonferansen i Haag. Traktaten vart revidert i 1907 etter den andre fredskonferansen i Haag.[1] Domstolen handsamar no òg saker som har mellomstatlege organisasjonar og private som partar.[2] I alt 115 statar er medlem av domstolen.[3] Domstolen held til i Fredspalasset i Haag i Nederland.
Etter skipinga i 1899 vart nordmannen Gregers Gram utnemnd til skilsdommer.[4] Sidan ein norsk-svensk grensekommisjon i 1897 ikkje vart samde om sjøgrensa ved Grisbådarna, der det var eit rikt hummerfiske, vart saka løyst ved skilsdom av Den faste skilsdomstolen, som fatta vedtaket sitt i 1909.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.