Den første Tsjetsjenia-krigen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Den første Tsjetsjenia-krigen (russisk Пе́рвая чече́нская война́, Pervaja tsjetsjenskaja vojna; tsjetsjensk: Дуьххьара нохчи-оьрсийн тIом, Duuxẋara noxçi-örsii thom; den første tsjetsjensk-russiske krigen), òg kjend som krigen i Tsjetsjenia, var ein konflikt mellom Den russiske føderasjonen og den tsjetsjenske republikken Itsjkeria som vart utkjempa mellom 11. desember 1994 og 31. august 1996.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask. |
Remove ads
Itsjkeria freista å lausriva seg frå føderasjonen og erklærde seg i 1991 uavhengig etter Sovjetunionens fall, men vart ikkje anerkjent av det internasjonale samfunnet, og vart truga med invasjon frå den nye russiske staten, som ikkje ville godkjenna tsjetsjenarane sitt sjølvstende.
Etter eit innleiande felttog i 1994 og 1995, som hadde sitt høgdepunkt i det øydeleggjande slaget om Groznyj, freista russiske føderale styrkar å skaffa seg kontroll over dei tsjetsjenske fjellområda, men vart pressa attende av tsjetsjenernes geriljakrig som angreip på lavlandet, til trass for Russlands klåre overlegne bakkestyrkar, våpen og luftstøtte. Dette førte til ein omfattande demoralisering mellom dei føderale styrkane, og dessutan nesten universell motstand mot krigen blant folkesetnaden i Russland, som igjen førte til at president Boris Jeltsin erklærte våpenkvile i 1996 og året etter underteikna ei fredsavtale, Khasavjurt-avtala.
To år etter denne avtala, braut tilhøvet mellom Russland og det tsjetsjenske Itsjkeria saman då ei radikal tsjetsjensk gruppe, den internasjonale muslimske brigaden, leia av Sjamil Basajev og Ibn al-Khattab, invaderte naborepublikken Dagestan sommaren 1999. Dette førte til at Russland igjen invaderte Tsjetsjenia og slik starta Den andre Tsjetsjenia-krigen. Denne enda sjølvstendet til Itsjkeria, som igjen vart Tsjetsjenia under russisk kontroll. Motstanden mot dei føderale styrkane veikna, men eit opprør mot russisk styre pågår framleis i Nord-Kaukasus.
Det offisielle russiske talet på falne føderale soldatar er omtrent 5500, og dei fleste anslag ligg mellom 3500 og 7500, medan enkelte hevdar opp mot 14.000 falne. Det finst ikkje noko noggrant anslag på kor mange itsjkeriske soldatar som vart drepne i krigen, og ulike anslag hevdar både omtrent 3000 og over 15.000 drepne. Ulike estimat hevdar at mengda sivile dødsfall i krigen var mellom 30.000 og 100.000, i tillegg til moglegvis over 200.000 såra, medan meir enn ein halv million vart gjort til flyktningar, som førte til at byar og landsbyar i republikken vart lagt i ruinar.



Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Den første Tsjetsjenia-krigen» frå Wikipedia på bokmål, den 18. januar 2018.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads