David er eit namn som kjem frå hebraisk דָּוִד (Dávid), truleg frå dód som tyder elska. Namnet finst òg på arabisk som داود (Dāʾūd). Det kan vera både førenamn, etternamn og stadnamn.

Thumb
Kong David forma av Michelangelo.

Namnet er blitt populært på grunn av kong David, ein konge av Israel som er mykje omtala i Bibelen. Det er mellom anna svært mykje brukt i USA, der det var det andre mest gjevne gutenamnet mellom 1960 og -69.

David har svensk namnedag den 25. juni.

Variantar

Namnet finst i mange variantar på ulike språk.

Blant jødar kan det mellom bli transkribert som Dovid eller omforma til Dudel. Blant muslimar kan namnet transkriberast til dømes som Dawud, Daud eller Daoud.

velsk er det Dafydd eller Dewey, med Dai og Taffy som kortformer. Patronymet Davis er eit svært vanleg velsk slektsnamn som viser at mange walisarar heitte David då etternamn blei innførte.

skotsk gælisk blir namnet skrive Dáibidh eller Daividh og på irsk Daithí.

engelsk har namnet fleire kortformer, mellom anna Dave og Davy. Dawson er eit patronymisk etternamn.

Namnet finst som Daviportugisisk, Davideitaliensk og Dawidpolsk.

Finsk har Taavetti, med Taavi som kortform.

Det er sjeldan omforma og brukt som kvinnenamn, men finst som Davida, Davina og Davinia.

Bruk

David som førenamn

Kongelege

  • David I av Israel, bibelsk konge av Israel
  • Den heilage David, vernehelgenen til Wales
  • Kong David I av Skottland
  • Kong David II av Skottland
  • David I av Georgia
  • David II av Georgia
  • David III av Georgia
  • David IV av Georgia
  • David V av Georgia
  • David VI av Georgia
  • David VII av Georgia
  • David ap Gruffydd, konge av Wales
  • David ap Llywelyn, konge av Wales
  • David I eller Dawit I, herskar over Etiopia
  • David II eller Dawit II, herskar over Etiopia
  • David III eller Dawit III, herskar over Etiopia
  • David (Da'ud) Dawud av Seldsjukkriket, ein herskar over Seldsjukk-tyrkarane1100-talet
  • David av Taman, Khazar ein herskar på 900-talet

Andre

Thumb
David Livingstone.


Etternamn og slektsnamn

  • Gerard David, kunstmålar innan nederlandsk renessanse
  • Jacques-Louis David (1748-1825), kunstmålar innan fransk nyklassisisme
  • Ferdinand David (1810-1873), tysk fiolinist
  • Félicien David (1810-1876), fransk komponist
  • Hérmine David (1886-1970), fransk målar, barnebarn til Jacques-Louis David
  • Johann Nepomuk David (1895-1977), austerriksk komponist
  • Albert David (1902-1945), marineoffiser i Sambandsstatane
  • Larry David (f. 1947), amerikansk skodespelar og forfattar
  • Anne-Marie David (f. 1953), fransk songar og Eurovision-vinnar
  • Peter David (f. 1956), amerikansk forfattar
  • Craig David (f. 1981), britisk pop-songar

Stader

  • David i Panama
  • David City i Nebraska
  • St. David i Arizona
  • St. David i Illinois
  • St David's i Wales
  • King David Hotel i Jerusalem.

Kunst

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.