David Beckham

britisk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

David Beckham

David Robert Joseph Beckham (fødd 2. mai 1975) er ein engelsk fotballspelar som er blitt verdskjend for spelet sitt og som kjendis elles. Beckham har spela for Manchester United, Preston og Real Madrid. Han har også vore kaptein for det engelske landslaget, og er kjend for sine presise frispark. I januar 2007 vart David Beckham klar for den amerikanske Major League Soccer-klubben Los Angeles Galaxy. Denne overgangen vart mykje omtala grunna den skyhøge lønninga til Beckham, rapportert som 1,6 milliardar kroner i løpet av 5 år.

Kjappe fakta
David Beckham
Thumb
StatsborgarskapStorbritannia
Fødd2. mai 1975 (49 år)
Leytonstone, London
Yrkefotballspelar, modell, bloggar, skodespelar, gründer, forretningsdrivande, idrettsleder
Språkengelsk
Formue350 000 000 US-dollar
Høgd183 centimeter
Religionkristendom
EktefelleVictoria Beckham
Nettstadhttps://www.davidbeckham.com/
David Beckham på Commons
Lukk
Thumb
David Beckham speler for Los Angeles Galaxy i 2010.
Thumb
David Beckham i 2007.

Mot utløpstida av kontrakten ved slutten av 2011-sesongen vart det igjen spekulert i kva Beckham ville gjera, med franske Paris Saint-Germain mykje nemnd som eit alternativ. 36-åringen erklærte at han ikkje hadde tenkt å legga opp.

Karriere

AC Milan

I 2009-2010 vart Beckham lånt ut til den italienske klubben AC Milan, fordi den engelske landslag-trenaren meinte David ikkje fekk nok å bryne seg på i USA og at han måtte spele i Europa for å behalde landslagsplassen.

Karriere som spelar fram til 2006

Meir informasjon Klubb, Kampar ...
Klubb Kampar Mål Periode
Manchester United 265 62 1992-2003
Preston (lån) 5 2 1995
Spania Real Madrid 63 7 2003-2007
USA LA Galaxy 30 5 2007-
Italia AC Milan (lån) 0 0 2008-2009, 2009-2010
Frankrike P. Saint-Germain 10 1 2013
Totalt (førebels) 333 71 1992-
Lukk

Merittar

  • Vinnar av Meisterligaen: 1999 med Manchester United
  • Engelsk ligameister: 1996, 1997, 1999, 2000, 2001, 2003 med Manchester United
  • Vinnar av FA-cupen: 1996 og 1999 med Manchester United
  • Spansk ligameister: 2007 med Real Madrid
  • Nordamerikansk cupmeister: 2011 og 2012 med LA Galaxy

I media

David Beckham er å sjå i alle tre Goal!-filmane. Han har vore med på mange talkshow som The Ellen DeGeneres Show, Jimmy Kimmel Live og Late Show with David Letterman. Beckham har også opptredd i ei rekkje reklamar for sponsorane sine, som Motorola, Pepsi-Cola og Adidas.

David Beckham har òg gjeve namn til ein film, Bend It Like Beckham frå 2002. Her opptrer han berre i opptak frå fotballkampar.

Familie

David og Victoria Beckham, tidlegare medlem av Spice Girls, er kjende for eit glamorøst liv. Dei har tre søner og ei dotter: Brooklyn Joseph Beckham (fødd 4. mars 1999 i Westminster i London), Romeo James Beckham (fødd 1. september 2002 i Westminster), Cruz David Beckham (fødd 20.februar 2005 i Madrid i Spania) og Harper Seven Beckham (fødd 10. juli 2011 i Los Angeles i USA).

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.