Daniel Hestad
norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Daniel Berg Hestad (fødd 30. juli 1975) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Molde som spelte 21 sesongar for Molde Fotballklubb, og to (2003-05) for nederlandske SC Heerenveen. Gjennom alle desse sesongane på Molde; 1993-2003 og 2005-15 var han med å vinne fire noregsmeisterskap og tre seriemeisterskap. Hestad har spelt fleire toppseriekampar i Noreg enn nokon annan spelar og har klubbrekorden i talet på kampar for Molde, ein rekord han tok over etter far sin, Stein Olav Hestad. Landslagsspelarane Harry Hestad og Jan Berg er onklane hans.
Daniel Hestad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. juli 1975 (49 år) Molde kommune |
Idrett | fotball |
Midtbanespelaren Hestad deltok i tida 1997-2005 i åtte landskampar for Noreg, utan å skåre mål og utan å etablere seg i landslagstroppen.
Han la opp vinteren 2016, etter at Molde FK rauk ut or Europa-ligaen.
- Noregsmeister: 1994, 2005, 2013 og 2014 med Molde
- Seriemeister: 2011, 2012 og 2014 med Molde
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Daniel Berg Hestad» frå Wikipedia på bokmål, den 26. september 2015.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.