From Wikipedia, the free encyclopedia
Daman er hovudstaden i det indiske unionsterritoriet Dadra og Nagar Haveli og Daman og Diu, og administrasjonsby for Daman-distriktet. Folketalet i byen var 44 282 ved folketeljinga i 2011.[1]
Daman | |||
portugisisk Damão | |||
by | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Region | Daman og Diu | ||
Distrikt | Daman-distriktet | ||
Folketal | 44 282 (2011[1]) | ||
Daman 20.416938888889°N 72.834022222222°E | |||
Wikimedia Commons: Daman, India | |||
Byen ligg ved kysten ved munningen av Damanganga-elva. Elva delar byen i to, Nani-daman ('vesle Daman') og Moti-daman ('store Daman'). Ironisk nok er Nani-daman den største delen med store bustadområde, supermarknader og sjukehus. Moti-daman utgjer gamlebyen.
Portuguisiske utforskarar leia av Diogo de Melo kom tilfeldigvis til området i 1523, etter at ein storm hadde blese dei av kurs medan dei sigla mot Ormuz.[2] Staden blei folkesett som ein portugisisk koloni, og blei verande slik i over 400 år. På 1500-talet blei det reist ein større festning i Motidaman til vern mot Mogulriket. Mykje av festninga står framleis, og huser mykje av dei lokale styresmaktene.
I 1961 blei Daman teke med i India saman med dei andre portugisiske områda etter eit slag mellom indiske og portugisiske styrkar. Under kampane blei 4 indarar og 10 portugisarar drepne.[3][4] Daman blei ikkje del av den nye delstaten Goa, men danna eit nytt forbundsterritorium med kringliggjande landsbyar og Diu.
Daman er eit populært turistmål, mellom anna fordi området tillèt sal av alkohol medan nabostaten Gujarat er tørrlagd. Dei fleste besøkande kjem frå område i nærleiken som Vapi, Bhilad, Valsad, Surat og Baroda. Staden har to kjende strender, Devka i Nani-daman og Jampore i Moti-daman.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.