Nordaustkaukasiske språk (òg kalla austkaukasiske, dagestanske eller kaspiske språk) er ein språkfamilie som blir snakka i dei russiske republikkane Dagestan, Tsjetsjenia og Ingusjetia, i nordlege Aserbajdsjan og Georgia, og dessutan av utvandrarar frå desse områda. Han er éin av tre språkfamiliar som berre blir snakka i Kaukasus (sjå kaukasiske språk for meir informasjon).
Familien er kjend for sitt komplekse lydverk (opptil 60 konsonantar og 30 vokalar i einskilde språk), substantivklasser, ergativ setningsstruktur, og mange kasus, inkludert fleire lokative kasus.
Språkklassifikasjon
Nakh-språk
Utdjupande artikkel for dette emnet er Nakh-språk.
Nakh-språka blir snakka i Tsjetsjenia, Ingusjetia og Georgia. Tsjetsjensk og ingusjisk er offisielle språk i republikkane sine.
- batsisk
- veinakh-språk
Avarisk-andiske språk
Dei avarisk-andiske språka blir snakka i nordvestlege og vestlege Dagestan. Avarisk er lingua franca for alle desse språka, og dessutan for dei tseziske språka.
- avarisk
- andiske språk
- akhavakhisk
- andisk
- bagvalalsk
- botlikhisk
- ghodoberisk
- karatansk
- tindisk
- tsjamalalsk
Tseziske språk
Tseziske språk blir for det meste snakka i sørvestlege Dagestan. Ingen av dei er litteraturspråk.
- Austlege tseziske språk
- hunzibisk
- bezjtisk
- Vestlege tseziske språk
- tsezisk
- khvarsjisk
- hinukhisk
Lezgiske språk
Dei lezgiske språka blir snakka i søraustlege Dagestan og nordlege Aserbajdsjan. Lezgisk er det største språket i gruppa, og lezgisk og tabassaransk er dei einaste litteraturspråka.
- artsjinsk
- udinsk
- kjernelezgiske språk
- agulsk
- lezgisk
- tabassaransk
- rutulsk
- kryzisk
- budukhisk
- tsakhursk
Isolerte språk
Språk som ikkje kan klassifiserast utover at dei er nordaustkaukasiske språk.
- lakisk
- khinalugisk
- dargisk
Slektskap med andre familiar
Mange språkforskarar meiner at dei nordaustlege (dagestanske) og nordvestlege (pontiske) kaukasiske språka dannar ein nordkaukasisk familie, nokon gonger kalla kakukasiske språk (sjølv om dette ikkje er meint å dekke den sørkaukasiske familien). Denne teorien er likevel ikkje godt bevist.
Nokre språkforskarar, som Igor Diakonov og Sergej Starostin, hevdar at det finst likskapar mellom Nordaustkaukasiske språk og dei utdøydde språka hurrittisk og urartisk. Hurrittisk vart snakka fleire stadar i den fruktbare halvmånen på den 3. og 2. tusenåret f.Kr. Urartisk var språket som vart snakka i Urartu, eit stort rike sentrert rundt Vansjøen i dagens Tyrkia, som eksisterte frå rundt 1000 f.Kr. til 585 f.Kr.
Kjelde
- Omsett frå Wikipedia på bokmål, innhenta onsdag 4. april 2012, klokka 21:56.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.