From Wikipedia, the free encyclopedia
Dør (av norrønt fleirtal dyr(r)) er ei innretning som gjer at ein kan opna og lukka for ei opning, som ei døropning eller eit møbel. Dørblad, den delen av ei dør som er rørleg, er ofte montert i ein dørkarm. Dei fleste dørblad er festa langs ei langside og svinger opp og att, gjerne ved hjelp av hengsler. Andre dørblad kan gli sidelengs.
Ein finn dører i bygningar, fartøy, køyretøy og andre gjenstandar eller byggverk der ein treng ei lukkbar opning. Dører kan vera laga av materiale som tre, metall, glas, plast og liknande. Ofte har dei dørhandtak som hjelper til å opna og lukka døra, og dei kan også ha lås eller slå. Nokre dører kan minna litt om vindauge, og større vindauge kan også brukast som dører.
Det finst spor etter dører heilt tilbake til oldtida. Dei tidlegaste formene for dører bestod av ei enkel plate av eit stort materiale som stein eller tre som blei utnytta til å stengja ei opning. Denne forma for dør var ikkje hengsla, og innebar at heile plata blei flytta til ein annan stad før ein kunne gå gjennom. Dette prinsippet finst i ei meir avansert form den dag i dag, skyvedørar byggjer på same prinsipp.
Svært gamle egyptiske veggmåleri skildrar dei tidlegaste formene for hengsla dører. Dette var enkle dører konstruert av treverk, hengsla med enkle formar for hengsler laga av tau eller lêr.
Dører har hatt mykje å seie for utvikling og bygging av bygningar og andre konstruksjonar med behov for gjennomstiging, både arkitektoniske og ingeniørmessig.
Hengsledør eller slagdørEi hengsla dør er den mest utbreidde av dei ulike typane dører som finst. Døra er hengsla horisontalt på den eine av sidene og heng på hengslene. Det er ikkje definert kva for ei side døra skal hengslast på. Hengsla dørar er ofte kommersielt brukt i enkle opningar som inngangsdørar og inngangar til enkle rom og areal. |
SkyvedørerSkyvedør er ei dør som ikkje er hengsla, men som kan opnast og lukkast ved at ein skyv døra horisontal langs glideskjener. Skyvedører er brukt på heisar, garderobeskap, varebilar og andre køyretøy eller innganger til butikkar, kjøpesenter og mange andre kommersielle bygg, offentlege institusjonar og liknande. |
SnurredørerEi snurredør er ei dør som er samansett av minimum tre eller fire plater, montert i ein kross- eller stjerneforma formasjon. Desse platene snurrar rundt ein akse i midten som er inni ei sylinderforma ramme. Denne typen dør er svært veleigna i konstruksjonar som har behov for temperaturregulering og ekstra ventilasjon, ettersom det regulerer varmeforholdet og luftstraumar i bygningen. Nokre bygningar kan vere avhengig av ei dør som regulerer varmen og bygningen kan trenge ekstra ventilasjon. Samstundes er snurredører ein effektiv måte for å sikre jamn og rask gjennomstrømming av større menneskemengder. |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.