Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dílos (gresk skrift Δήλος), òg kalla Delos, er ei øy i Hellas som ligg om lag midt i Kykladane i Egearhavet. Øya er ein del av kommunen Mýkonos, som høyrer til periferieininga Mýkonos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.
Dílos Lokalt namn Δήλος | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 37°24′N 25°16′E |
Øygruppe | Kykladane |
Areal | 40 km² |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining Kommune | Dei sørlege egeiske øyane Mýkonos Mýkonos |
Demografi | |
Folketal | 15 (2021[1]) |
Øya ligg nær Mýkonos og var ein heilag stad i eitt tusenår før olympisk gresk mytologi gjorde øya til fødestaden til Apollon og Artemis. Frå den Heilage Hamna kan ein sjå to kjegleforma jordhaugar som var heilagdomar for Dionysos. Den eine av dei vart i eldre tider kalla Kýnthosfjellet.
Som eit religiøst senter var Dílos langt viktigare enn dei få naturresursane ein kunne finne her.
Utforsking av antikke steinhytter indikerer at øya har vore busett sidan om lag 3000 fvt. Thukydides skriv at dei første innbyggjarane var karianske sjørøvarar som vart drivne bort av kong Minos av Kreta[2] På tida til Odyssevs var øya alt kjend som fødestaden til tvillinggudane Apollon og Artemis, og mellom 900 fvt. og år 100 var Dílos eit stort senter for gudsdyring av mellom anna Dionysos og titanen Leto, mora til Apollon og Artemis.
Bystaten Aten utførte fleire oppryddingsprosjekt på øya for at ho skulle vere så høveleg som mogeleg for dyrking av gudane. Mellom anna vart alle gravene innanfor tempelområdet gravne opp og flytta til områda utanfor. Under peloponnesarkrigen, etter instruksjonar frå orakelet i Delfi, vart alle døde menneske fjerna frå heile øya. Det vart så gjeve ordre om at ingen skulle få lov til å verken døy eller føde på øya, og ho skulle vere nøytral innan handel sidan ingen kunne krevje eigarskap over ho gjennom arv. Like etter denne oppryddinga vart dei første deliske spela halde her.[3]
Etter persarkrigane vart øya ein nøytral møtestad for Det athenske sjøforbundet (òg kalla det deliske forbundet), som vart grunnlagd i 478 fvt. Fellesskatten til forbundet vart halde her fram til 454 fvt., då Perikles flytta han til Athen.[4]
Sidan 1873 har École Française d'Athènes («Den franske skulen i Athen») gjort utgravingar på øya, og bygningskomplekset vert samanlikna med det ein finn i Delfi og Olympia.
Øya har ikkje kapasitet for produksjon av mat, fiber eller tømmer, som vart importert. Avgrensa vassressursar vart utnytta ved hjelp av cisterner og akveduktar, brønnar og avløp. Den største slavemarknaden for området vart òg halden her.
I 1990 vart Dílos teken med på verdsarvlista til UNESCO.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.