From Wikipedia, the free encyclopedia
Cupvinnarcupfinalen i fotball 1978 fann stad på Parc des Princes i Paris 3. mai 1978, framfor 48 679 tilskodarar. RSC Anderlecht frå Brussel vann finalen, den 18. i sitt slag, med sluttsiffera 4-0 over Austria Wien.
Anderlecht-kapteinen Rob Rensenbrink sette inn i 1-0 i det 13. minutt og la på til 2-0 i det 44. minutt. Allereie før pausesignalet lydde auka backen Gilbert Van Binst til 3-0 og same mann fastsette sluttresultatet til 4-0 i det 82. minutt.
Heinz Aldiger frå Vest-Tyskland dømde kampen.
Anderlecht sitt vinnarlag bestod av: Nico de Bree, Gilbert Van Binst, Hugo Broos, Johnny Dusbaba, Jean Thissen, Arie Haan, Ludo Coeck, Frank Vercauteren, François Van der Elst, Benny Nielsen og Rob Rensenbrink (kaptein). Jean Dockx tok Vercauteren sin plass fire minuttar før slutt.
Austria Wien stilte med: Hubert Baumgartner, Robert Sara (kaptein), Erich Obermayer, Josef Sara, Ernst Baumeister, Karl Daxbacher, Herbert Prohaska, Felix Gasselich, Thomas Parits, Hans Pirkner og Julio Morales. Daxbacher og Morales gjekk av bana i det 60. og 74. minutt, inn kom fyrst Alberto Martínez og sidan Fritz Drazan.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.