From Wikipedia, the free encyclopedia
Fußballklub Austria Wien er ein fotballklubb i Wien i Austerrike. Austria, som har spelt i den austerrikske toppdivisjonen i fotball sidan den vart starta opp i 1911, tapte finalen i Cupvinnarcupen 1978 med 0-4 for belgiske Anderlecht.
Austria har frå 1924 til 2013 vunne 24 seriemeisterskap. Klubben har gått til topps i den nasjonale fotballcupen heile 27 gongar, fyrste gongen i 1921 og den hittil siste i 2009. Båe i 1933 og 1936 vann klubben den såkalla mitropapokalen, ei cupturnering mellom fotballag i Sentral-Europa. Fotballaget var på sitt aller beste i slutten av 1970-åra, då den nådde finalen i Cupvinnarcupen 1978 og semifinalen i Europacupen året etter.
Sidan 1973 spelar Austria heimekampane på Generali Arena, eit anlegg med plass til 13 500 tilskodarar. Laget spelar i lilla drakter, med ein kvit tverstolpe over brystet.
Nordmennene Mons Ivar Mjelde, Sigurd Rushfeldt, Petter Rudi, Raymond Kvisvik og Thorstein Helstad har alle spelt for Austria Wien.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.