amerikansk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Cornell Gunter (14. november 1936–26. februar 1990) var ein USA-amerikansk rhythm and blues-songar som var mest aktiv i 1950- og 1960-åra. Han var fødd i Coffeyville i Kansas, og døydde i Las Vegas i Nevada, etter å ha blitt skoten i bilen sin. Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1987 som medlem av The Coasters.
Cornell Gunter | |||
Fødd | 14. november 1936 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Coffeyville i Kansas | ||
Død | 26. februar 1990 (53 år) | ||
Dødsstad | Las Vegas, Nevada | ||
Fødenamn | Cornelius E. Gunter | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | vokal | ||
Tilknytte artistar | The Coasters, The Platters, The Flairs | ||
Plateselskap | Challenge | ||
Verka som | songar |
Gunter var originalt medlem i The Platters.[1] Han hadde spelt inn musikk med bandet og sunge korvokal på Big Jay McNeely-songen«Nervous Man Nervous» på Federal Records i 1953.[2] Gunter var òg medlem av The Flairs og The Coasters. Tittelsongen frå Susan Oliver-filmen The Green Eyed Blonde frå 1957, var sungen av Gunter. Will «Dub» Jones og Gunter vart med i The Coasters som ertattarar for Bobby Nunn og Leon Hughes tidleg i 1958.[3] Etter Gunter slutta i The Coasters turnerte han med Dinah Washington. I 1963 danna han i eiga Coasters-gruppe, og dei vart vanlegvis kalla «The Fabulous Coasters».[4] Gunter gav ut fleire solosinglar seint i 1950- og tidleg i 1960-åra, mellom anna ein versjon av Sam Cooke sin «You Send Me» på Dot Records i 1957.
I 1987 vart han innlemma i Rock And Roll Hall Of Fame i lag med resten av The Coasters.
Syster til Cornell, Shirley Gunter, spelte òg med The Flairs og The Queens, i tillegg til å ha ein solokarriere seint i 1950- og tidleg i 1960-åra.
Gunter var i ferd med å gjere eit comeback, då han vart skoten i bilen sin i Las Vegas den 26. februar 1990.[5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.