From Wikipedia, the free encyclopedia
Codri (russisk Кодры, Kodry) er eit skogområde som i ein åslendt del av Moldova.
I mellomalderen var det meste av fyrstedømet Moldavia sine åsar skogkledde og skogområda vart generelt kalla Codri, der større skogområde fekk namn som Codrii Cosminului (Cosmin Codri), Codrii Plonini (Plonini Codri), Codrii Hotinului, Codrii Orheiului (Orhei Codri), Codrii Lăpușnei (Lăpușna Codri).
Sjølv om åsane dekkjer om lag 80-90 % av området i Moldova har skogområda minka etter 1800 på grunn av intensiv jordbruk til om lag 12 %. Enkelte av dei gjenverande skogområda er no verna i nasjonalparkar, men mangelen på skog i landet gjer no at jordbruksområda får langt mindre vatn enn dei fekk i tidlegare hundreår sidan skogen heldt på meir vatn enn berr mark.
Det høgaste punktet i Moldova, Dealul Bălănești på 429 meter over havet ligg i Corneștiåsane, mellom elvane Prut og Răut.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.