art av andefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Havelle er ein fugl i undergruppa dukkender i andefamilien.
Havelle | |
Havellehann | |
Havellehoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Status i Noreg: Nær truga[1] Utbreiinga av Havelle | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Slekt: | Clangula |
Art: | Havelle C. hyemalis |
Vitskapleg namn | |
Clangula hyemalis |
Havella er ei ganske lita and med totallengd 39–47 cm og vengespenn på 65–82 cm. Fuglen veg 600–1000 gram. Dei vaksne hannane har lange midtre halefjør på 10–15 cm. Havella har rundt hovud og kort nebb. Vengane er mørke og ganske smale og spisse. I flukt held fuglen vengane bakover og lågt og flaksar med smidige kjappe vengeslag. Havella har minst tre ulike drakter gjennom året. I alle draktene er fuglen broket i kvitt, brunt og svart, og med heilmørke vengar.
Havella sin song består av ein tonerein, nasal, litt jodlande lyd som kan skrivast som a a-aulí eller ah au-audeli og minner om klarinett.
Havella hekkar i fjell- og tundraområde, både i innsjøar og havbukter, på Island, i Skandinavia, Svalbard, Novaja Zemlja, Russland, Grønland, Canada og Alaska. Ho er trekkfugl og overvintrar i kystområde i Europa, Kina, Korea, Japan, og Nord-Amerika.
Den norske hekkebestanden er truleg på 5000–10 000 par. Flest hekkande par finst på Finnmarksvidda og i Varanger. Her kan fuglane treffast både inne på vidda og ute ved kysten, alltid ved små ferskvassdammar. Elles i Nord-Noreg kan havella også hekke vanleg, mest typisk i bjørkebeltet og vierregionen. Kystnær hekking skjer så langt sør som til Velfjorden ved Brønnøysund. I Sør-Noreg hekkar havella sparsamt i sentrale fjelltrakter så langt sør som til sentrale delar av Hardangervidda.
Fuglane et mest vasslevande insekt, muslingar, blautdyr og krepsdyr, men også fisk, børsteormar og pigghudingar.
Havellene lever i monogame par. Dei vert kjønnsmodne i tredje leveår. Fuglane kjem til hekkeplassane i april-mai, stundom i juni. Reiret er ei grop på marka, sparsamt fora med gras og lyng. Det ligg nær ferskvatn, gjerne på ein holme. Hoa legg 6–9 egg kring midten av juni. Hannane vert i reirområdet enno litt, med flokkar seg saman med andre hannar lenge før klekkinga. Hoa rugar i 24-29 døgn. Ungane dreg frå reiret så snart dei er turre. Hoa er saman med dei til dei er flygedyktige 35–40 døgn gamle. Havellene har eit kull i året.
Dei norske havellene overvintrar ute ved kysten eller i fjordane saman med haveller og andre ender lengre austfrå. Truleg finst det 50 000–100 000 haveller på norskekysten vinterstid, dei fleste i Nord-Noreg. Om våren flyg dei inn til hekkeplassane. Dette trekket går føre seg om kvelden og natta, og treklangen til havellene er lett kjenneleg i halvmørket.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.