From Wikipedia, the free encyclopedia
Christof Duffner (fødd 16. desember 1971) er ein tysk, tidlegare skihoppar frå Triberg im Schwarzwald, ein kommune i delstaten Baden-Württemberg. Han vann OL-gull i 1994 og VM-gull i 1999 med Tysklands hopplandslag, samt VM-bronse i 1997. Mellom 1988 og 2004 deltok han i til saman 221 verdscuprenn. Fem gongar kunne han klive opp på sigerspallen, sin einaste siger i verdscupen fekk han i Oberstdorf 30. desember 1992.
Christof Duffner | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 16. desember 1971 (52 år) Triberg im Schwarzwald |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1992, Skihopping under Vinter-OL 1994 – Laghopp |
Duffner debuterte på heimebane i 1988 i opningsrennet i den tysk-austerrikske hoppveka. Nøyaktig to år seinare fekk han sine fyrste verdscuppoeng i same bakken. Nye to år skulle før han fekk sin fyrste pallplass i verdscupen. Det rennet fann også stad i same bakken, og mykje overraskande kunne han stige heilt til topps. I dei komande åra fylgde to andre- og tredjeplassar.
Duffner var med på det tyske firemannslaget som vart olympiske meistrar i laghopping i Vinter-OL 1994 på Lillehammer. Hansjörg Jäkle, Dieter Thoma og Jens Weißflog var dei andre på laget. I 1997 vart det bronse for det tyske laget under ski-VM i Trondheim, då var Weißflog bytta ut med Martin Schmitt, resten var dei same som vann OL-gullet. To år seinare tok Duffner, Thoma og Schmitt eit VM-gull i skihopping i Ramsau, då med Sven Hannawald på laget.
Duffner sleit med å hevde seg i dei individuelle renna i skimeisterskapane, ein tiandeplass i storbakken i Falun under ski-VM 1993 vart hans beste plassering. Derimot gjorde han det mykje betre i verdsmeisterskapane i skiflyging, med ei rad gode plasseringar. Han vart nummer fem både i 1992 og 1996, men hans beste prestasjonen var fjerdeplassen i den mellomliggjande meisterskapen i 1994 i Planica.
Frå 1991 til 2001 vann Duffner fire sølv- og to bronsemedaljar i dei tyske meisterskapane.
Han slutta som skihoppar i 2004.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.