From Wikipedia, the free encyclopedia
Christine Carla Kangaloo (fødd 1. desember 1961[1]) er ein trinidadisk politikar som har vore president av Trinidad og Tobago sidan 20. mars 2023. Ho er den andre kvinnelege presidenten i landet. Ho var frå 2015 senatspresident til ho gjekk av i 2023 for å stille som presidentkandidat. Ho representerer sentrum-venstrepartiet People's National Movement. Sidan ho fyrste gongen blei vald inn i senatet i 2001 har ho også hatt fleire ministerpostar.[2][3]
Christine Kangaloo | |||
| |||
Fødd | 1. desember 1961 (62 år) San Fernando | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Trinidad og Tobago | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | University of the West Indies | ||
Alle verv |
Kangaloo har juridisk utdanning med bachelorgrad frå University of the West Indies og frå Hugh Wooding Law School.
Kangaloo blei vald inn i senatet fyrste gong i 2001. Frå 2002 til 2005 arbeidde ho ved statsministerens kontor, og frå 2005 til 2007 var ho justisminister.[4][5] Ved valet i 2007 blei ho innvald i Representanthuset (parlamentet i Trinidad og Tobago består av to kammer, Representanthuset og Senatet).[6][7]
I 2015 fekk Kangaloo sete i Senatet og blei vald til senatspresident 23. september same år. I 2023 sa ho frå seg dette vervet for å stille som presidentkandidat. Presidenten av Trinidad og Tobago blir vald av eit valkollegium beståande av alle medlemmane i Representanthuset og Senatet. Kangaloo blei 20. januar 2023 vald med 48 røyster, mens motkandidaten Israel Raja-Khan fekk 22 røyster.[8]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.