Bladfuglar, Chloropseidae, er ein biologisk familie av elleve artar små sporvefuglar funne i India, Sri Lanka og Søraust-Asia. Bladfuglar er ein av berre tre fuglefamiliar som er endemisk for det indomalayiske økosystemet. Dei var tidlegare gruppert saman med lauvfuglar og alvefuglar. Som dei i dag er definert, er bladfuglfamilien monotypisk, med alle artar plassert i slekta Chloropsis.

Kjappe fakta
Bladfuglar
Thumb
Gyllenpannebladfugl, Chloropsis aurifrons
Foto: Mukul Hinge
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Bladfuglar Chloropseidae
Jardine & Selby, 1827
Lukk

Skildring

Bladfuglar varierer i lengd frå 14 til 21 cm, og har vektvariasjonar i området 15-48 gram.[1] Dei liknar bylbylar, men medan bylbylar typisk har lite iaugefallande farger, har bladfuglar lyse farger, med det dominerande grøne over heile fjørdrakta som gjev opphav til fellesnamnet deira. Familien syner størst kjønnsdimorfisme i fjørdrakt, dette varierer frå særs mykje hos oransjebukbladfugl til ingen kjønnsdimorfisme hos gulhakebladfugl. Dei fleste av skilnadene mellom kjønna ligg i omfanget av andre farger enn grønt i fjørdrakta, særleg rundt hovudet og i andletmasken med innslag av blått eller svart, der hoer har mindre farger og ein mindre omfattande eller heilt fråverande maske.[1] Nokre artar har blått i vengene og i stjerten. Fjørdrakta av unge fuglar er som hos hofuglar, men med meir avdempa farger. Songane deira er melodiøs i menneskelege øyre, og fleire artar er gode imitatorar. Lydytringane omfattar plystring og skratting.[2]

Nett som bylbylar vil bladfuglar sleppe mange kroppsfjører når dei blir tatt på. Dette kan forvirre rovdyr, spesielt slangar.[2]

Distribusjon og habitat

Bladfuglar er alltid funne i tre og buskar. Dei fleste artar har utbreiing avgrensa til eviggrøne skogar med unntak av gyllenpannebladfugl, Chloropsis aurifrons, og hindubladfugl, Chloropsis jerdoni som lever i lauvtre i monsunskog, og oransjebukbladfugl, som òg opptrer i lauvskog. Innanfor desse rammene, okkupere dei alle lauvtretypar i Sør-Asia og Søraust-Asia. Den største høgda dei opptrer i er 2500 moh.[2] Nokre artar, til dømes regnbogebladfugl, har høglandsdistribusjon og går sjeldan ned under 1000 moh.[1]

Oransjebukbladfugl og gyllenpannebladfugl er blant dei meir utbreidde artar, med store område på tvers av det asiatiske fastlandet. Nokre artar har meir avgrensa distribusjonar, slik som gulstrupebladfugl, som er endemisk for den filippinske øya Palawan, og kinabalubladfugl, Chloropsis kinabaluensis, som er avgrensa til nordlege Borneo. Generelt er det sjeldan at meir enn tre artar finst i same område, maksimum er fem artar i dei submontane skogane i Sumatra, overlappande artar er vanlegvis godt plasserte i spektret av storleik for å redusere konkurransen.[1]

Åtferd

Thumb
Gulstrupebladfugl er endemisk for øya PalawanFilippinene
Foto: Luis V. Limchiu, Jr.

Bladfuglar finn vanlegvis føda i underskogen, dei et insekt og litt frukt og nektar. Dei søkjer snøgt og snappar opp byttedyra på ytre delar av greiner. Dei er òg i stand til å 'stille' i lufta for å ta byttet, og vil forfølgje insekt i lufta, jamvel så langt som ned til skogbotnen. I kva for ei grad bladfuglar tar for seg av nektar er diskutert, meldingar om dette er meir vanleg i Sør-Asia enn i Søraust-Asia.[1] Einskilde artar blir med i fleirartsflokkar for søk av føde no og då, andre vil forsvare territorium der dei et frå tre og buskar som held blomar og frukter.[2]

I motsetnad til dei fleste andre tropiske asiatiske sporvefuglar, bygger ikkje bladfuglar reira lågt nede i skogen. Reira deira er i staden funne opp mot enden av greiner nær trekrona. Såleis har menneske sjeldan, om nokosinne, hatt høve til å studere reir til mange av desse artane. Hos dei få artane der reiret er kjent, er det bygd av fine stenglar, bladdelar og jordstenglar.[1] Nokre hengjer ned frå tynne horisontale skot av tre, hos andre artar er fundamentet festa til eit par vertikale kvister. Hoer legg 2 eller 3 rosa egg.[2] Den einaste informasjonen ein har om rugetid kjem frå fuglar i fangenskap, her varar ruginga rundt 14 dagar. Tilsynelatande er det berre hofuglar som rugar, men hos minst to artar vil hannen mate rugande hoer.[1]

Tilhøvet til menneske

Eigenskapar som evner til attraktiv song og til å imitere har gjort bladfuglar til populære burfuglar. Majoriteten av handel av fuglar i denne familien er avgrensa til Asia. Nokre bestandar har vorte lokalt utarma grunna massivt uttak av ville fuglar til denne handelen. Generelt er dei elleve artane enno vanlege i eigna habitat, sjølv om mengda av eigna habitat har falle mykje med avskoging. Ein art, gulhakebladfugl, er oppført som sårbar på grunn av tap av habitat, og regnbogebladfugl, tilsynelatande aldri vanleg nokon stad, er oppført som nær trua.[1]

Artar

Bladfuglar i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

  • Gulhakebladfugl, Chloropsis flavipennis, Philippine Leafbird, Tweeddale, 1878, (VU)
  • Gulstrupebladfugl, Chloropsis palawanensis, Yellow-throated Leafbird, Sharpe, 1877, (LC)
  • Smaragdbladfugl, Chloropsis sonnerati, Greater Green Leafbird, Jardine & Selby, 1827, (LC)
  • Grønbladfugl, Chloropsis cyanopogon, Lesser Green Leafbird, Temminck, 1829, (NT)
  • Blåvengbladfugl, Chloropsis cochinchinensis, Blue-winged Leafbird, Gmelin, 1788, (LC)
  • Kinabalubladfugl, Chloropsis kinabaluensis, Bornean Leafbird, Sharpe, 1887, (LC)
  • Hindubladfugl, Chloropsis jerdoni, Jerdon's Leafbird, Blyth, 1844, (LC)
  • Gyllenpannebladfugl, Chloropsis aurifrons, Golden-fronted Leafbird, Temminck, 1829, (LC)
  • Gulpannebladfugl, Chloropsis media, Sumatran Leafbird, Bonaparte, 1850, (LC)
  • Oransjebukbladfugl, Chloropsis hardwickii, Orange-bellied Leafbird, Jardine & Selby, 1830, (LC)
  • Regnbogebladfugl, Chloropsis venusta, Blue-masked Leafbird, Bonaparte, 1850, (NT)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.