From Wikipedia, the free encyclopedia
Centern (fi. Suomen Keskusta, Kesk.; i daglegtale Kepu, kortform for Keskustapuolue «Senterpartiet») er eit finsk politisk parti. Det vert gjerne rekna som systerpartiet til det norske Senterpartiet. I og med at partiet er medlem i Den liberale internasjonale, den same internasjonale paraplyorganisasjonen som det norske Venstre, kan det òg reknast som eit systerparti til dette partiet. Dei sit i regjering med Dei finske sosialdemokratane og Svenska Folkpartiet.
Centern i Finland | |||
| |||
Land | Finland | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Antti Kaikkonen[1] | ||
Grunnlagt | 1906 | ||
Hovudkvarter | Helsingfors | ||
Medlemstal | 163 000 (2011) | ||
Ideologi | agrarparti | ||
Politisk posisjon | sentrisme |
Kepu skil seg på mange vis frå det norske søsterpartiet sitt. Delvis er det meir konservativt enn det norske partiet, det er t.d. ikkje like profilert som miljøparti og som distriktspolitiskparti som det norske søsterpartiet sitt. På den andre sida har det i etterkrigstida hatt ei svært sentral rolle i finsk politikk, meir lik den som dei sosialdemokratiske partia har hatt i dei andre nordiske landa. Der sosialdemokratane i dei andre landa regjerte i tiåra etter krigen, var regjeringskontora stengde for dei finske sosialdemokratane på grunn av at Sovjetunionen ikkje hadde tillit til dei etter rolla deira før Vinterkrigen. I staden var det Kepu som spelte denne rolla, personifisert i rolla til Urho Kekkonen. Den finske velferdsstaten er altså bygd opp under leiing av regjeringar dominert av Kepu sin politikk.
Statsminister Matti Vanhanen representerer Kepu, det same gjorde forgjengaren hans Anneli Jäätteenmäki.
|
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.