Carol Muske-Dukes (fødd 17. desember 1945) er ein amerikansk diktar, romanforfattar, kritikar og professor. Ho var poet laureate for California frå 2008 til 2011.[1] For diktsamlinga Sparrow (Random House, 2003) tok for seg kjærleiken til og tapet av ektemannen hennar, og var finalist i National Book Award.[2]

Kjappe fakta
Carol Muske-Dukes
StatsborgarskapUSA
Fødd17. desember 1945 (78 år)
Saint Paul i Minnesota
Yrkeromanforfattar, lyrikar, essayist, skribent
EktefelleDavid Dukes
Lukk

Liv

Muske-Dukes var fødd i St. Paul i Minnesota og voks opp i Forest Lake. Ho fekk graden B.A. English frå Creighton University i 1967, og M.A. i 1970 frå San Francisco State University.[3] Ho har undervist ved forfattarprogram ved Columbia University, Iowa Writers' Workshop, University of California at Irvine og University of Virginia. Ho var med på å skipa University of Southern California sin PhD i Creative Writing & Literature, og har så undervist i denne.[4]

Ho har ei dotter, Annie Muske-Dukes, som gjekk ut frå USC i 2005,[2] og er enkje etter skodespelaren David Dukes, som døydde i 2000.

I tillegg til fleire diktsamlingar har ho også skrive fire romanar. Ho har gjeve ut tekstar i Antaeus, Ploughshares,[5] Paris Review[6] og The New Yorker.

Prisar og utmerkingar

  • 1979 Alice Fay Di Castagnola Award of the Poetry Society of America
  • 1981 Guggenheim Fellowship[7]
  • 1999 Witter Bynner Fellowship
  • National Endowment for the Arts Fellowship in Poetry
  • Ingram Merrill-stipend[4]

Utgjevingar

Diktsamlingar

Samarbeid

  • Rendezvous with Light: A Collection of Poetry and Photographs. Figueroa Press. 2006. ISBN 978-193280013-5.

Romanar


Essaysamlingar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.