Carl Friedrich Freiherr von Weizsäcker (28. juni 1912–28. april 2007) var ein tysk fysikar, astrofysikar og filosof. Han var det lengstlevande medlemmet av ei gruppe som utførte kjernefysisk forsking i Tyskland under den andre verdskrigen, under leiinga til Werner Heisenberg. Det er ein pågåande debatt om han, og dei andre medlemmane i gruppa, aktivt pressa på utviklinga av ei atombombe for Tyskland på den tida eller ikkje.[treng kjelde]
Kjappe fakta Fødd, Død ...
Carl Friedrich von Weizsäcker |
Carl Friedrich von Weizsäcker, 1993 |
|
Fødd | Carl Friedrich Freiherr von Weizsäcker 28. juni 1912 Kiel i Schleswig-Holstein |
---|
Død | 28. april 2007 (94 år) Starnberg i Bayern |
---|
Nasjonalitet | Tysk |
---|
Område | Fysikk, filosofi |
---|
Yrke | fysikar, skribent, filosof, universitetslærar, kjernefysiker, astronom |
---|
Institusjonar | Universitetet i Hamburg Universitetet i Göttingen |
---|
Alma mater | |
---|
Doktorgradsrettleiar | Friedrich Hund |
---|
Doktorgradsstudentar | Karl-Heinz Höcker |
---|
Kjend for | |
---|
Ektefelle | Gundalena Inez Eliza Ida Weizsäcker |
---|
Barn | Carl Christian von Weizsäcker, Ernst Ulrich von Weizsäcker, Elisabeth Raiser, Heinrich Wolfgang von Weizsäcker |
---|
Medlem | Det saksiske vitenskapsakademiet Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Det bayerske vitskapsakademiet Göttingens vitenskapsakademi Deutsche Akademie für Sprache und Dichtung American Physical Society De atten fra Göttingen Det austerrikske vitskapsakademiet Bayerische Akademie der Schönen Künste Kroatisk akademi for vitenskap og kunst Académie des sciences morales et politiques American Academy of Arts and Sciences Joachim-Jungius Society of Sciences |
Lukk
Weizsäcker var direktør for Max Planck Institut für Physik i Göttingen frå 1946 til 1957, professor i filosofi i Hamburg frå 1957 til 1969, og professor ved Universitetet i München frå 1970. Han utvikla i 1938 ein teori om energiproduksjonen i stjernene, og framsette i 1944 ein hydrodynamisk hypotese over opphavet til planetsystema. Han gav ut fleire bølger, mellom anna Zum Weltbild der Physik (1943), Die Geschichte der Natur (1949, norsk omsetjing Mennesket, Historien og Universet, 1955), Atomenergie und Atomzeitalter (1957), Die Verantwortung der Wissenschaft im Atomzeitalter (1957), Die Tragweite der Wissenschaft (1964), Gedanken über unsere Zukunft (1966, omsett til norsk som Tanker om fremtiden, 1967), Die Einheit der Natur (1971) og Der Garten des Menschlichen (1977).
Han var den eldre broren til den tidlegare tyske presidenten Richard von Weizsäcker, far til fysikaren Ernst Ulrich von Weizsäcker.
- 1957 Max Planck-medaljen
- 1958 Goethe-prisen til byen Frankfurt am Main
- 1961 Pour le Mérite
- 1963 Fredprisen til tysk bokhandel
- 1969 Erasmus-prisen til byen Herdam
- 1969 Den austerrikske medaljen for kunst og vitskap
- 1973 Grand Merit Cross with Star and Sash of the Federal Republic of Germany
- 1982 Ernst Hellmut Vits-prisen til Universitetet i Münster
- 1983 Heinrich Heine-prisen til byen Düsseldorf
- 1988 Sigmund Freud-prisen for vitskapleg prosa
- 1989 Templeton-prisen for «Framsteg i religion»
- 1989 Theodor Heuss-prisen
- Prix Arnold Reymond (Universitetet i Lausanne)
- Hansatiske Goethe-prisen
- Karl IV-prisen til byen og Universitetet i Praha.
- Medlemskap
- Max Planck Society
- Det tyske vitskapsakademiet Leopoldina
- Vitskapsakademiet i Göttingen
- Det saksiske vitskapsakademiet
- Det austerrikske vitskapsakademiet
- Det bayerske vitskapsakademiet
- Det bayerske akademiet for dei vene kunstane
- Den tyske fysikksamskipnaden
- Académie des Sciences Morales et Politiques
- American Physical Society
- Det kroatiske vitskapsakademiet
- Det tyske akademiet for språk og litteratur
- Joachim-Jungius-samskipnaden for vitskap
- Hamburg Institute for Human Sciences
- Zum Weltbild der Physik, Leipzig 1946 (ISBN 3-7776-1209-X), 2002, 14. utgåve
- Die Geschichte der Natur, Göttingen 1948 (ISBN 3-7776-1398-3)
- Die Einheit der Natur, München 1971 (ISBN 3-423-33083-X)
- Wege in der Gefahr, München 1976
- Der Garten des Menschlichen, München 1977 (ISBN 3-446-12423-3)
- Deutlichkeit: Beiträge zu politischen und religiösen Gegenwartsfragen, Hanser, München, 1978, 1979 (ISBN 3-446-12623-6).
- The Biological Basis of Religion and Genius, Gopi Krishna, New York, intro. by Carl Friedrich von Weizsäcker, which is half the book, 1971, 1972 (ISBN 0-06-064788-4)
- Aufbau der Physik, München 1985 (ISBN 3-446-14142-1)
- Der Mensch in seiner Geschichte, München 1991 (ISBN 3-446-16361-1)
- Zeit und Wissen, München 1992 (ISBN 3-446-16367-0)
- Große Physiker, München 1999 (ISBN 3-446-18772-3)