Captain Jack av Billy Joel

From Wikipedia, the free encyclopedia

«Captain Jack» er ein song av Billy Joel på albumet Piano Man frå 1973. Eit konsertopptak finst på Songs in the Attic frå 1981.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Captain Jack
Song av Billy Joel
frå albumet Piano Man
Utgjeve November 1973
Innspelt 1973, North Hollywood
Sjanger Pianorock
Lengd 7:15
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Michael Stewart
Lukk

Songen vert rekna som ein av dei viktigaste i karrieren til Joel fordi han vart framført den 15. april 1972 under ein live radiokonsert ved Sigma Studios på WMMR i Philadelphia. Denne versjonen vart mykje spelt på radiostasjonen og folk frå Columbia Records vart merksemd på songen. Kort tid etter fekk Joel platekontrakt med dei i 1973.

Komposisjon

Joel skreiv «Captain Jack» seint i 1971,[1][2] i ein leiligheit i Oyster BayLong Island. Han såg ut vindauget og såg tenåringar som gjekk inn i eit hus på andre sida av gata for å kjøpe heroin frå ein dealer kalla «Captain Jack».[3] «Han handlar om å kome seg ut av forstadane i New York,» fortalte Joel til John Kalodner i 1974. «Men på reisene mine har eg sett mange av dei same forstadane over heile landet. Songen er ganske brutal, men stundom er det godt å vere brutal og fornærme folk...det held ein på tå hev.»[4]

Songen er i følgje Joel ein anti-narkotika song.[2]

Utgjeving

«Captain Jack» var ein av ti songar på Piano Man. Han vart raskt mykje spelt på FM-radio over heile landet.[5] Denne songen, i lag med «Piano Man» og «The Entertainer», var dei songane Joel var mest kjend for, før han gav ut The Stranger i 1977.[2]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.