From Wikipedia, the free encyclopedia
«California Girls» er ein song skriven av Brian Wilson og Mike Love og spelt inn av The Beach Boys i 1965. Songen vart gjeven ut som singel og nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100 i USA. Songen vart òg gjeven ut på albumet Summer Days (And Summer Nights!!).
«California Girls» Singel av The Beach Boys frå albumet Summer Days (And Summer Nights!!) | ||
B-side |
«Let Him Run Wild» | |
---|---|---|
Utgjeve | 12. juli 1965 | |
Innspelt | instrument: 6. april 1965; Western Studios vokal: 4. juni 1965; Columbia Records Studio | |
Sjanger | Sunshine pop, skiffle | |
Lengd | 2:38 | |
Selskap | Capitol | |
Tekstforfattar | Brian Wilson | |
Låtskrivar(ar) | Brian Wilson/Mike Love | |
Produsent | Brian Wilson | |
The Beach Boys-kronologi | ||
«Help Me, Rhonda» (1965) |
«California Girls» | «The Little Girl I Once Knew» (1965)
|
Songen er ein av dei 500 songane som Rock and Roll Hall of Fame meiner var med på å forme rock and roll. Songen vart òg rangert på 72. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[1]
Musikken til songen skal ha kome frå den første opplevinga Brian Wilson hadde med LSD.[2] I følgje Brian Wilson sjølv i dokumentaren Beautiful Dreamer, skal han kort tid etter å ha tatt LSD sprunge opp på rommet sitt, gøymd seg under puta og ropt «Eg er redd for mor mi, eg er redd for far min». Ei stund seinare forlet han rommet og til eit piano. Han starta å spele på basstonane H-F#-G#-mønsteret om att og om att, og la etter kvart på akkordane H og A. Innan ein halvtime hadde han laga «well east-coast girls are hip, I really dig the styles they wear»-delen av songen. Dagen etter skreiv han og Mike Love ferdig resten av songen.
«California Girls» var den første av innspelingane til Beach Boys med vokal frå Bruce Johnston, som hadde kome inn i gruppa då Brian Wilson ikkje lenger ville delta på konsertane deira.
The Beatles refererte til songen i «Back in the U.S.S.R.», som vert rekna som ei hyllest til songen.
«California Girls» Singel av David Lee Roth frå albumet Crazy from the Heat | ||
Utgjeve | 1985 | |
Innspelt | 1985 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 2:50 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Tekstforfattar | Brian Wilson | |
David Lee Roth-kronologi | ||
---|---|---|
«California Girls» | «Just a Gigolo»/«I Ain't Got Nobody» (!985)
|
«California Girls» vart spelt inn av vokalisten i Van Halen, David Lee Roth på EPen hans frå 1985, Crazy from the Heat (med korvokal frå Carl Wilson og Christopher Cross). Denne utgåva nådde som originale tredjeplassen i USA.
David Lee Roth fekk lagd ein musikkvideo for utgåva si, regissert av Pete Angelus og David Lee Roth. Roth spelar ein turistguide som syner turistar stranda og dei obligatoriske badedraktmodellane. Ein av desse turistane er Jane Leeves som seinare spelte Daphne Moon i komiserien Frasier. Videoen vart nominert til fleire prisar på MTV.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.