CV90
From Wikipedia, the free encyclopedia
Combat Vehicle 90 eller CV 90 (Stridsfordon 90) er eit svensk pansra køyretøy produsert av BAE Systems underavdeling Land Systems Hägglunds. Det finst i versjonar som mellom anna stormpanservogn, ambulanse, lett stridsvogn (med 105 og 120mm kanon), kommandovogn, bergingsvogn, eldleiingsvogn, mobil luftvernsvogn og våpenberar for 120mm bombekaster.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask. |


Historie
På midten av 1980-talet byrja Hägglunds på ein familie av kampkøyretøy for den svenske hæren. Fem prototypar vart levert i 1988. I mars 1991 bestilte den svenske hæren dei første serieproduserte køyretøya.
Leveransar av CV 90 byrja i 1993, og godt over 1000 stykke er vorte bestilt.
Pressemeldinga om kontrakten om levering av CV9030N til Noreg gjekk ut 21. april 1994 då ordren vart underteikna. Den første ordren var på 104 køyretøy, ein kontrakt på nesten 2 milliardar svenske 1994-kronar. Detta kom etter meir enn to år med utprøvninger av køyretøy frå fem ulike leverandørar.[1]
24. februar 2015 kom den første av 41 heilt nye vogner Panserbataljonen i Brigade Nord frå BAE System sitt Hägglunds AB. Disse 41 supplerer Den eksisterande flåten til hæren på 103 stk CV9030 kampvogner, som skal oppgraderast.[2]
Oppbygging
Karosseriet til CV90 vernar mot 14,5mm panserbrytende ammunisjon. Den norske versjonen er i tillegg utstyrt med IBD Deisenroth MEXAS integrert, keramisk panserpakke. Denne vernar typisk mot 30 mm APFSDS eller panserbrytende, finnestabilisert, avfallsende plastkappe pilammunisjon. Kevlarduk vernar indre rom.
Variantar
I teneste
- CV9030 Mk1 - 104-144 i bruk av Noreg. Eksportversjon med 30 mm Bushmaster II automatkanon. BAE System sitt Hägglunds brukar nemningane CV90 Mk I for den norske versjonen.[3]
- CV9030NF1 - Nokon av dei norske vognene er oppgraderte med klimakontroll for bruk i internasjonale operasjonar. Dei har òg kamera som vender bakover og betre vern mot miner.
- CV9030 Mk II - Brukt av Sveits og Finland. Dei finske CV9030FIN og sveitsiske CV9030CH er kalla CV90 MK II. Nytter same automatkanon som MkI.
- CV9035 Mk III – Med 35 mm/L50 Bushmaster III automatkanon Brukt av Danmark og Nederland
- CV9040 – I bruk i den svenske hæren. Har ein 40 mm Bofors kanon
- CV9040C – klimakontroll og kraftigare panser mot landminer, berekna for svensk utenlandstjeneste.
- CV9040 AAV – Anti Aircraft Vehicle Luftvernsversjon, utstyrt med radar og ein Bofors L70 40 mm luftvernskanon.
- CV90 FOV – Forward Observation Vehicle, ildledning for artilleriet
- CV90 ARV – Armored Recovery Vehicle bergepanser
- CV90 FCV – Forward Command Vehicle, kommandovogn
Det finst òg eigne kommando- og oppklaringsvogner med annan bestykning. Det finst òg eigne vogner for opplæring av vognførere.
Prototypar
- CV90105 – Lett stridsvogn med 105 mm glattboret kanon.
- CV90120-T – Lett stridsvogn med 120 mm glattboret kanon.
CV90 er òg vorte utstyrt med AMOs (Advanced Mortar System), eit samarbeidsprosjekt mellom Patria og Hägglunds.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «CV90» frå Wikipedia på bokmål, den 13. oktober 2018.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.